-
Prosedyren krev inga førebuing og du treng ikkje å faste før prosedyren.
-
Ved behov kan du får roande medisin før undersøkinga.
-
Det betyr ikkje noko om du har låge blodplater eller bruker blodfortynnande medisinar.
Beinmergsprøve frå brystbein
Dette er ei undersøking av raud beinmerg. Beinmergen blir tatt frå brystbeinet (sternum). Undersøkinga blir gjord for å finne ut kva sjukdom du lid av eller for å sjå kva verknad behandlinga har hatt på deg når du er ferdig med den.
Kvifor blir undersøkinga gjennomført?
Legen skal informere deg om kvifor det blir tatt beinmergsprøve frå deg.
Kva er beinmerg?
Beinmergen er eit mjukt (spongiøst) vev som ligg i marghòla til knokkelen. I beinmergen er det stamceller. Stamceller gir opphav til alle cellene i blodet:
Kvite blodceller (leukocyttar)
Representerer ein viktig del av infeksjonsforsvaret vårt.
Raude blodceller (erytrocyttar)
Står for transport av oksygen i kroppen vår.
Blodplater (trombocyttar)
Inngår i den mekanismen som stansar bløding.
Før
Under
Etter
Kontakt
Haugesund sjukehus
Medisinsk poliklinikk, Haugesund
Oppmøtestad
Vi held til på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen opp til 5. etasje. Hold høgre når du går ut av heisen. Gå til ventesone 5A.
Vi ber deg vente i ventesonen til du får tildelt behandlingsrom.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund