Beinmergsprøve frå brystbein

Dette er ei undersøking av raud beinmerg. Beinmergen blir tatt frå brystbeinet (sternum). Undersøkinga blir gjord for å finne ut kva sjukdom du lid av eller for å sjå kva verknad behandlinga har hatt på deg når du er ferdig med den.

Kvifor blir undersøkinga gjennomført?

Legen skal informere deg om kvifor det blir tatt beinmergsprøve frå deg.

Kva er beinmerg?

Beinmergen er eit mjukt (spongiøst) vev som ligg i marghòla til knokkelen. I beinmergen er det stamceller. Stamceller gir opphav til alle cellene i blodet:

Kvite blodceller (leukocyttar)

Representerer ein viktig del av infeksjonsforsvaret vårt.

Raude blodceller (erytrocyttar)

Står for transport av oksygen i kroppen vår.

Blodplater (trombocyttar)

Inngår i den mekanismen som stansar bløding.

Før

  • Prosedyren krev inga førebuing og du treng ikkje å faste før prosedyren.

  • Ved behov kan du får roande medisin før undersøkinga.

  • Det betyr ikkje noko om du har låge blodplater eller bruker blodfortynnande medisinar.

Under

  • Prosedyren blir gjort av ein lege

  • Du ligg på ryggen på undersøkingsbenken eller i senga.

  • Legen undersøker først brystbeinet. Området blir desinfisert, og det blir sett lokalbedøving i området der prøva skal takast, først i hudområdet og deretter i brystbeinet. Dette gjer kanskje litt vondt, men etter det vil du ikkje kjenne noko særleg ubehag ved sjølve undersøkinga.

  • Så tar legen prøva ved hjelp av ei spesiell nål som gjer det mogleg å suge ut flytande beinmerg.

  • Det blir vanlegvis trekt ut litt beinmerg i 1–3 sprøyter til ulike analysar.

  • Du kan kjenne eit «sug» når legen aspirerer beinmerg og det kan kjennast litt ubehageleg. Utsuging av beinmerg tar nokre sekund. Av erfaring hjelper det på ubehaget om du held pusten akkurat i det beinmergen blir sogen ut. Du vil få beskjed.

  • Til slutt blir nåla trekt ut og legen set bandasje på innstikkstaden. Du blir beden om å presse på bandasjen i eit par minutt.

Etter

  • Du kan bevege deg straks etter at undersøkinga er ferdig.

  • Du bør presse bandasjen i eit par minutt og dersom det kjem blod etter det, bør bandasjen skiftast og du bør da presse i minst 5 minutt.

  • Sjeldan vil ein oppleve litt ubehag i innstikkområdet etter prøvetaking.

  • Utanom noko kortvarig ubehag/vondt er det ikkje nokon spesielle komplikasjonar.

Sist faglig oppdatert 04.01.2024

Kontakt

Haugesund sjukehus Medisinsk poliklinikk, Haugesund

Kontakt Medisinsk poliklinikk, Haugesund

Oppmøtestad

Vi held til på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen opp til 5. etasje. Hold høgre når du går ut av heisen. Gå til ventesone 5A. 

Vi ber deg vente i ventesonen til du får tildelt behandlingsrom.  

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontantar. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar i toppetasjen på parkeringshuset. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelinga dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.