Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Biholeoperasjon

Målet for operasjonen er å opne opp slik at nase og biholer blir ventilert. Du vil puste betre med nasen, det blir mindre snørr og slim, presset i biholene blir mindre og for ein del pasientar blir luktesansen betre. I tillegg får du mindre plager med #biholebetennelse. Dei fleste vil merke forventa effekt av inngrepet allereie etter 2–4 veker.

Før

Faste

Dagen før operasjonen skal du faste frå midnatt. Det betyr at du ikkje skal ete, røykje, bruke snus, ta drops eller tyggje tyggjegummi etter klokka 24.00. Vatn og klare væsker (saft, kaffi/te utan mjølk) er tillate fram til 2 timar før oppmøtetidspunkt. Tannpuss skal du utføre som vanleg.

Ved operasjon med lokalbedøving treng du ikkje å faste.

Under

Operasjonen blir vanlegvis utført ved dagkirurgi. Det betyr at du reiser heim same dag som du er operert.

Ved inngrepet bruker kirurgen eit endoskop, det vil seie ein liten tube med ei forstørrande linse eller lite kamera. Kirurgen set endoskopet inn i nasebora, fører det mot opninga til biholene og vidare til området med eventuelle polyppar. Det blir brukt små instrument for å fjerne bein, slimhinne/polyppar og andre hindringar som blokkerer biholene.

Operasjonen tek mellom 1–2 timar og du blir observert i cirka 2 timar etterpå.

Etter

Dei fleste som blir opererte for nasepolyppar og/eller kronisk biholebetennelse, vil ha ein liten tampong i eitt eller begge nasebor når dei vaknar. Tampongane blir fjerna på første kontroll etter operasjonen, vanlegvis etter to – fem dagar. I nokre tilfelle blir det brukt tampongar som løyser seg opp av seg sjølve. Desse treng ikkje å bli fjerna manuelt.

 

Etter operasjonen må du sørgje for at du har transport heim. Du kan ikkje køyre bil sjølv denne dagen.

Du blir observert på sjukehuset til tilstanden din tilseier at du kan reise heim.

Sjukmeldingsbehovet er omlag 5 –10 dagar, men avheng av yrke og kva jobb du har.

 

Ver merksam

Komplikasjonar finst sjeldan. Litt blodsiv frå nasen er normalt dei første tolv dagane etter operasjonen. Éin av 100 pasientar kan få større blødingar. Ta kontakt med sjukehuset om blødinga ikkje stoppar.

Infeksjon er sjeldan, men kan finnast hos cirka 2–5 prosent av pasientane. Symptoma på infeksjon er aukande smerte, hevelse og feber og liknar ofte ei akutt biholebetennelse.

Svært sjeldan (hos éin av 1000 pasientar) oppstår det synsforstyrring eller skade på auget i samband med operasjonen. Fordi biholene ligg svært nære hjernen, kan det finnast lekkasje av hjernevæske (hos éin av 200–500 pasientar). I slike tilfelles må det til ein ny operasjon for å lukke lekkasjen.

Sist faglig oppdatert 11.11.2025

Kontakt

Stord sjukehus Dagkirurgi Stord

Kontakt Dagkirurgi Stord

Oppmøtestad

Gå til ventesone utanfor dagkirurgisk avdeling i 2. etasje på Stord sjukehus.

Du må først registrere at du er komen. Dette gjer du på automaten i resepsjonen i 1. etasje, eller på mobiltelefon via SMS-en du får frå oss. 

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

Transport

​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

Praktisk informasjon

​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

Måndag-sundag: 17.00-18.30

Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.

Oppdatert informasjon finn du på sida om besøkstider

​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Publikumskantine finn du i underetasjen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Det er stengt i helger og på heilagdagar.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift.
 
Det er innført skiltgjenkjenningssystem på Stord sjukehus. Du får tilsendt faktura frå ParkPay etter inn- og utkøyring. 
 
​Pris for å parkere er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
 
Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov. 
 

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

1-2 timar før timen din får du SMS med informasjon om registrering, ventesone og betaling på sjukehuset.

Når du kjem kan du registrere deg via lenka du ha fått i tekstmeldinga, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

Etter timen kan du velje å betale via automat, Vipps, efaktura eller i resepsjonen.

Innkallinga til timen finn du alltid på helsenorge.no

​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.