Opplæring
Opplæring i RIK går føre seg på
sjukehus, av uroterapeut (spesial sjukepleiar innan urologi) eller sjukepleiar.
Av utstyr blir det brukt eit kateter i tilpassa størrelse. Vi vil vise kva
stilling som er best ved blæretømming, og korleis de skal bruke kateteret.
Deretter får barnet eller foreldra prøve sjølv under rettleiing.
På sjukehus
På sjukehus må barnet bli vaska med
sterilt vatn, og det blir brukt sterile hanskar. Dette er fordi vi har
strengare hygiene på sjukehus.
Heime
God handhygiene er viktig for å unngå
å føre bakteriar inn i blæra ved kateterisering.
Vask alltid hendene før klargjering
av kateteret og kateteriseringa. Dersom handvask ikkje er mogleg, kan du
bruke handsprit. Hanskar er ikkje nødvendig.
Barnet blir vaska godt nedantil ein
gong om dagen eller ved synleg søl, for eksempel avføring.
Gjer det vondt?
Barn som har skadar i ryggmargen, har
som regel ingen eller lite følelse i urinrøyret, og mange vil ikkje kjenne
kateteret. For andre barn kan kateteret i starten vere ubehageleg, men dei
fleste venner seg til det.
Kor lenge varer
behandlinga?
For nokre barn er RIK-behandling
nødvendig ein kort periode. Andre barn må tisse med kateter livet ut.