Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Cystoprostatektomi

Blærekreftoperasjon, fjerning av prostata og blære (cystoporstatektomi)

Operasjon for muskelinfiltrerande blærekreft open teknikk eller kikholskirurgi med ein operasjonsrobot. Det er ikkje vist forskjell på operasjonane når det gjeld kreftresultat. Begge operasjonsmetodane utførast i narkose.

Ved å bruke ein operasjonsrobot kan operasjonen gjerast med kikholskirurgi. Kirurgen styrer kikholsinstrumenta frå ein konsoll, med ein optikk med 10 gonger forstørring. Fordelen i forhold til vanleg kikholskirurgi ligg i dei ekstra handledda i enden av kikholsinstrumenta. Handledda gir kirurgen større fridom i bevegelsane i behandlinga  av vevet. Dette hjelper kirurgen i dei utfordrande delane av operasjonen.

Val av operasjonsmetode vil vere ut frå kva som er best i det enkelte tilfelle og pasientens ønske. Nokre pasientar egnar seg ikkje for robotkirurgi og må opererast med open kirurgi. Dette vil bli forklart av behandlande kirurg før operasjonen. Da vil dere gå gjennom om det blir ein open operasjon eller kikholskirurgi. Under begge operasjoner avtaler vi på forhånd om det hos menn blir fjerna urinblære, lymfeknuter og prostata, og hos kvinner blir fjerna urinblæra, lymfeknuter og indre genitalia.
 
Det finst ulike løysingar for rekonstruksjon av urinvegane etter fjerning av blæra . Dei mest brukte er urostomi, også kalla Brickerblære og å konstruere ei ny blære (neoblære) med tynntarmen. Det er viktig at pasientane er med på avgjera i val av rekonstruksjonen, då dei skal leve med den resten av livet.

 

Før

Under

Etter

Ver merksam

Mulige varige biverknadar:

Ereksjonssvikt hos menn, kort skjede og tørre slimhinner hos damer, urinlekkasje, problem med å tømme blær, stomiproblem

Pasientar operert med rekonstruksjon av urinvegane med tarm har ein ikkje ubetydeleg risiko for å måtte opererast seinare i livet. Det kan etter kvart bli trongt i skøytane grunna arrdanning som kan gi avløpshinder og arrdanning som kan gi tarmslyng.


Kontakt

Haugesund sjukehus Urologisk avdeling

Kontakt Urologisk avdeling
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.