Behandling, Cystoprostatektomi
Blærekreftoperasjon, fjerning av prostata og blære (cystoporstatektomi)
Operasjon for muskelinfiltrerande blærekreft open teknikk eller kikholskirurgi med ein operasjonsrobot. Det er ikkje vist forskjell på operasjonane når det gjeld kreftresultat. Begge operasjonsmetodane utførast i narkose.
Ved å bruke ein operasjonsrobot kan operasjonen gjerast med kikholskirurgi. Kirurgen styrer kikholsinstrumenta frå ein konsoll, med ein optikk med 10 gonger forstørring. Fordelen i forhold til vanleg kikholskirurgi ligg i dei ekstra handledda i enden av kikholsinstrumenta. Handledda gir kirurgen større fridom i bevegelsane i behandlinga av vevet. Dette hjelper kirurgen i dei utfordrande delane av operasjonen.
Før
- snakke med sjukepleiar
- ta blodprøvar
- bli undersøkt av lege
- eventuelt ha samtale med operatør / overlege (dei fleste har hatt samtale tidlegare på poliklinikken)
- få informasjon om bekkenbotnstrening
- ha samtale med anestesilege
- eventuelt gjennomføre andre undersøkingar
- ta med urinprøve
Tarmtømming i forkant av operasjon
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Oppmøte
Du vil bli tatt imot av sjukepleiar som skal forberede deg til operasjon. Dette inneber:
- Du får tildelt seng.
- Operasjonsfeltet vil bli barbert
- enkelte tilfelle tas det også blodprøvar.
- Samtale med operatør, dersom du ikkje har hatt det på førehand.
- Det er viktig å pusse tenner og tømme urinblæra.
Under
Fjerning av blæra (cystektomi):
Inngrepet startar med fjerning av blæra, saman med prostata hos menn og indre kjønnsorgan hos kvinner. Organa fjernast som ein del. Når det planleggast rekonstruksjon av urinvegane med blæresubstitutt blir det gjort med nervesparande kirurgi, for eit betre funksjonelt resultat. Inngrepet fortsett med fjerning av lymfeknutar i bekken. Dette er ikkje bare for å sjå utbreisle av sjukdommen, det har også vist å kunne gi betre prognose av behandlinga. Venstre ureter førast over til høgre side. Deretter gjørast den planlagde rekonstruksjonen. Til slutt fjernast preparata gjennom eit lite snitt over navlen.
Rekonstruksjon av urinvegane
Urostomi (Brickerblære):
Blæresubstitutt (Studer-blære):
Etter
- Etter operasjonen får du lov til å ta til deg væske, om anna ikkje er avtalt. Drikke og eventuelt supper. Etter kvart kan du ete vanleg føde.
- Allereie dagen etter operasjonen kan du kome opp av seng, men det kan ta nokre dagar før du er oppegåande igjen.
- Du vil måtte sette blodfortynnande sprøyter 4 veker etter operasjon.
- Fjerne stentar etter 6 -14 dagar.
- Forventa liggetid på sjukehus ca. 1 veke.
Ver merksam
Mulige varige biverknadar: