Diagnose

Blødning sent i svangerskapet

Blødingar som oppstår seint i svangerskapet kan ha ulike årsaker. Blødinga treng ikkje ha betyding for den vidare utviklinga av svangerskapet eller fødselen, men ofte er blodblanda utflod eit første teikn på at fødselen er nær.

Om du er mindre enn 22 veker på veg i svangerskapet, skal du kontakte lege eller legevakt dersom du blør. Du vil bli vurdert og eventuelle vidare undersøking eller behandling vil bli bestemt.

Om du har kome lengre enn 22 veker i svangerskapet, skal du kontakte fødeavdelinga om du begynner å blø. Du vil då få rettleiing, og plan for vidare oppfølging, undersøking eller behandling vil bli vurdert.

Før

Spørsmål du må svare på

Når du tek kontakt med lege / legevakt / fødeavdeling på grunn av bløding seint i svangerskapet, er det ei rekkje ting du vil bli spurt om. Vi ber deg om å lese gjennom følgande slik at du er meir førebudd på å svare.

Bløding

  • Kor mykje blør du, og kva farge er det på blodet (friskt og raudt blod, eller mørkt raudt / brunt blod)?
  • Er blødinga aukande eller mindre no?

Dersom blødinga aukar eller tilstanden din endrar seg etter at du har vore i kontakt med helsevesenet, må du ta kontakt igjen.

Kvifor blør du

  • Gjorde du noko spesielt like før du begynte å blø?

Mot slutten av svangerskapet er det vanleg at støyt mot den blodrike delen av livmorhalsen fører med seg ufarleg, sparsam bløding. Dette kan til dømes skje etter samleie eller etter ei underlivsundersøking.

Fostervatn

  • Kan blødinga vere blodblanda fostervatn?

Om det er rikeleg med tyntflytande rosa væske, kan det vere teikn på at fostervatnet har gått - noko som kan bli forveksla med ei større bløding.

Smerte

  • Har du rier?

Rier er smerte som kjem og går i nedre del av magen og / eller ryggen. Magen blir stram og hard under riene, og mjukare og smertefri i pausane.

  • Har du andre typar smerte?

Dersom smerten aukar etter at du har vore i kontakt med helsevesenet, må du ta kontakt igjen.

Barnet

  • Kjenner du at barnet sparkar og rører seg som før?

Om det ikkje er noko endring i mønster eller styrke i spark / bevegelsar hos barnet, er dette eit teikn på at barnet har det bra.

Under

Årsaker til bløding seint i svangerskapet

Det kan vere fleire årsaker til at du begynner å blø seint i svangerskapet, og ofte finn ein ikkje nokon klar årsak til at ei bløding oppstår.

Teikningsbløding er ei sparsam bløding, utflod / slim blanda med friskt blod. Vi kallar det for teikningsbløding fordi blødinga er eit signal om at livmorhalsen / mormunnen er i ferd med å bli moden eller opne seg, og at fødselen er nær - eller at den alt er i gang.

I løpet av svangerskapet er livmorhalsen / mormunnen meir blodfylt enn elles. Kontakt eller støyt mot livmorhalsen / mormunnen kan derfor føre til ei lita bløding. Bløding etter samleie eller etter ei gynekologisk undersøking kan derfor skje, særleg mot slutten av svangerskapet.

Ei sparsam bløding som resultat av støyt eller berøring av livmorhalsen / mormunnen er ufarleg og går raskt over.

Staden der morkaka er festa i livmorveggen, blir alltid kontrollert ved den vanlege ultralydundersøkinga rundt 18. veke i svangerskapet. Den gravide blir då alltid informert dersom morkaka har festa seg slik at det er fare for bløding eller er eit hinder for at fødselen kan skje normalt.

Om ultralydundersøkinga viser at morkaka ligg ned mot mormunnsopninga, vil du bli kontrollert med ny ultralydundersøking seinare i svangerskapet. Når morkaka heilt eller delvis dekkjer den indre mormunnen, kallast dette forliggande morkake. Dersom morkaka dekkjer mormunnsopninga ved termin, må fødselen skje ved hjelp av keisarsnitt.


Ultralydundersøking før 20. svangerskapsveke viser at 5-6 prosent av dei gravide har forliggande morkake, mens knapt 1 prosent har forliggande morkake ved termin. Ettersom livmora veks, kan morkaka trekke seg opp og vekk  frå mormunnen.

Når morkaka ligg over eller like ved mormunnen, vil dette medføre auka blødingsfare. Det kan blø frå kanten av morkaka når livmora veks og strekkast, samtidig som barnet pressar  mot mormunnen. Innlegging til observasjon eller fleire kontrollar kan då bli aktuelt.

Den mest alvorlege, men svært sjeldne årsaka til bløding, skuldast at morkaka har løyst seg heilt eller delvis frå livmorveggen. Den gravide får då samtidig svært vondt i magen.

 


Behandling

Avhengig av kva som er årsak til blødinga, vil det bli satt i verk behandling. Kontakt alltid lege, legevakt eller sjukehuset om du er gravid og begynner å blø.

Rettleiing og rådgiving per telefon er av og til nok. I andre tilfelle er det nødvendig med vidare undersøking og behandling.

Etter samtale med jordmor eller lege, vil du få ei orientering om kva du bør gjere vidare. Dersom tilstanden din er oppfatta som stabil, kan du bli bedd om å sjå situasjonen an, eller om å kontakte fastlege, jordmor eller legevakt for avklaring og eventuell kontroll.

Det kan òg bli aktuelt at du må til sjukehuset for ei vurdering. I så tilfelle må du vere førebudd på at du kan bli lagt inn til observasjon eller behandling. Dersom situasjonen din blir oppfatta som uklar eller alvorleg, kan rask transport til sjukehus vere avgjerande. Det blir då rekvirert sjukebil. Dette blir avgjort i samråd med lege / jordmor når du snakkar med dei.

Etter

Om du kan reise heim etter legekontroll eller sjukehusinnlegging, vil du alltid få informasjon om korleis du skal forholde deg vidare. Plan for vidare oppfølging og kontrollar vil då bli avtalt. Dei fleste kan etter ei undersøking på fødeavdelinga, fortsette svangerskapskontrollane hos eiga jordmor / eigen lege.

Ver merksam

Dersom tilstanden din endrast etter at du har vore i kontakt med helsevesenet, må du ta kontakt igjen!

Kontakt

Haugesund sjukehus Føde og barsel Haugesund

Kontakt Føde og barsel Haugesund

Oppmøtestad

3. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. Gå gjennom dei doble dørene ved Narvesen og ta heis eller trapp opp til vår avdeling.

Besøkstider og retningslinjer for besøk

  • Barnefar: kl. 09.00 - 21.00
  • Barnets søsken og besteforeldre: kl. 17.00 - 18.00

Andre besøkande er av omsyn til mor og barn, ikkje tillate i avdelinga.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

 

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.