Behandling

Blodpropp før eller i svangerskapet

Det er viktig for deg som er gravid å kjenne til symptoma på blodpropp. Ver oppmerksom på einsidige smerter i lyske, særleg venstre side, hevelse og smerte i eit bein akutt tungpust, rask pust, smerter ved innpust og høg puls. Slike symptom bør undersøkjast av lege relativt raskt.

Eit svangerskap aukar risikoen for blodpropp med 5–10 gongar. Dette gjeld blodpropp i venane som fører blodet frå kroppen og tilbake til hjartet. Det vanlegaste er å få blodpropp i beina (djup venetrombose) eller i lungene (lungeemboli). Risikoen er auka heile svangerskapet, men er absolutt høgast dei første 6 vekene etter fødsel.

Blodpropp i låret eller lysken

Hos gravide sit ofte blodproppen i låret eller i lysken og ofte på venstre side (80–90 prosent). Hos ikkje-gravide er det mest vanleg med blodpropp i leggane.

Symptoma er ofte smerter i lysken, men det kan også vere einsidige låge mage- eller ryggsmerter. Etter kvart vil beinet hovne opp. Diagnosen blir stilt ved ultralyd av beina og lyskane.

Har du hatt blodpropp utan å vere gravid eller i tidlegare graviditet er det tilrådd med blodfortynnande sprøyter (LMVH) i heile svangerskapet og inntil 6 veker etter fødsel, for å førebyggje ny blodpropp. Dette er ufarleg for fosteret, då medisinen ikkje passerer morkaka.

Blodpropp i halsen eller hovudet

Blodpropp kan også oppstå andre stader, for eksempel på halsen. Denne er ofte forbundet med overstimulering etter behandling med prøverøyr.

  • venøs blodpropp i hovudet (sinus venetrombose) blir behandla på same måte som blodpropp i bein eller lunger, med blodfortynnande spøryter. Dette har god prognose.
  • arteriell blodpropp i hovudet (hjerneslag) er svært sjeldan og blir behandla på same måte som hos ikkje-gravide.

Dersom du er gravid og har tidlegare hatt hjerneslag, bør du få blodfortynnande medisinar i svangerskapet (vanlegvis Albyl E-tablett (salisylsyre)). Dette er ufarleg for deg og for fosteret.

Før

Nokre gonger losnar ein blodpropp ute i venane og stoppar i lunga (lungeemboli). Dette kan vere livstrugande om du ikkje får behandling. Symptoma er tungpust, rask pust og eventuelle smerter i brystet. Diagnosen blir stilt ved ein CT med spesialundersøking av lungene. Undersøkingane er ikkje farleg for fosteret.

Under

Både akutt blodpropp i bein og lunger blir behandla med injeksjonar med blodfortynnande medisin. Medisinen gir god og trygg behandling for deg og blir ikkje overført til barnet fordi han ikkje passerer morkaka. Det er ikkje auka risiko for komplikasjonar i svangerskapet og du kan vanlegvis føde normalt. Det er ein litt auka risiko for bløding under og etter fødsel. Dette er fødselshjelparane førebudde på og har eventuelle tiltak klare.

Blodfortynnande medisin kan leggje avgrensingar for om du kan få eller når du kan få epiduralbedøving under fødsel. Dette er avhengig av når siste dose med blodfortynnande medisin er sett. Vanlegvis kan epidural bli gitt 24 timer etter behandlingsdose og 10–12 timar etter førebyggjande dose.

Etter

Når barnet er fødd, gir ein første dose blodfortynnande medisin (lågt molekylært heparin) cirka 6 timar etter fødselen. Ved stor bløding kan dette utsetjast noko. Du held fram med blodfortynnande behandling i minst 6 veker etter fødselen.

Det er svært viktig at du tar blodfortynnande medisinar i desse 6 vekene, då risikoen for ny blodpropp aukar. Det er heilt trygt å amme mens du tar medisinane.

Kontakt

Haugesund sjukehus Føde og barsel Haugesund

Kontakt Føde og barsel Haugesund

Oppmøtestad

3. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. Gå gjennom dei doble dørene ved Narvesen og ta heis eller trapp opp til vår avdeling.

Besøkstider og retningslinjer for besøk

  • Barnefar: kl. 09.00 - 21.00
  • Barnets søsken og besteforeldre: kl. 17.00 - 18.00

Andre besøkande er av omsyn til mor og barn, ikkje tillate i avdelinga.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

 

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.