Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Blodtapping

Blodtapping blir gjennomført når du har for mykje raude blodlekamar (for høg blodprosent) eller for mykje jern i blodet (hemokromatose, hemosiderose og porfyri).

Tilvising og vurdering

Fastlege eller spesialist kan tilvise til behandling.

Før

Råd til deg før du tappar blod 
  • Et og drikk rikeleg før og etter blodtappinga.
  • Hugs å ete under dei siste tre timane før du tappar blod. 
  • Er du sliten, sjuk eller stressa, bør du ikkje tappe blod. 
  • Får du sterke eller uvanlege smerter ved innstikk eller under tappinga, sei frå til oss. 


Under

Ved tappinga kjem du til å ligge eller sitte komfortabelt. Vi legg inn ein kanyle i olbogen og tappar vanlegvis mellom 100–450 milliliter blod. Blodet renn ut i ein pose. 
Drikk under tappinga. Ved behov kan enkelte pasientar få intravenøs væske.

Etter

Etter blodtappinga er det viktig at du trykker på innstikkstaden i minst tre minutt – gjerne med armen heva. Du skal kvile i rundt 15 minutt etter tappinga, før du reiser frå sjukehuset.

Vi anbefaler at du unngår hard fysisk aktivitet dei første 24 timane etter tappinga. Har du arbeid eller hobby der du eller andre kan bli utsett for fare dersom du svimar av, anbefaler vi deg å ta det med ro dei første 12 timane etter tappinga. Det finst faste reglar ein må ta omsyn til for nokre yrke. Gjer deg kjend med reglane for ditt yrke.

Vi anbefaler også at du får i deg rikeleg med væske etter blodtappinga. Du kan for eksempel drikke mykje vatn. 

Kor ofte skal ein tappe? 

  • Behandlingsfasen: ein gong kvar 1.–6. veke for å nå ønskt verdi. 
  • Vedlikehaldsfasen: ein gong kvar 1–12 månader avhengig av kor fort verdien stig. 
Sist faglig oppdatert 16.09.2024

Kontakt

Haugesund sjukehus Medisinsk poliklinikk, Haugesund

Kontakt Medisinsk poliklinikk, Haugesund

Oppmøtestad

Vi held til på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen opp til 5. etasje. Hold høgre når du går ut av heisen. Gå til ventesone 5A. 

Vi ber deg vente i ventesonen til du får tildelt behandlingsrom.  

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.