Behandlinga gir lite smerter og du kan vere oppe rett etter etter inngrepet. Det blir anbefalt at du et og drikk som normalt i etterkant slik at du får fylt urinblæra.
Du kan prøve å late vatnet når du kjenner trong til det, og kan reise heim når du kan tisse utan problem.
Om du ikkje klarer å late vatnet godt nok, blir urinen tappa med eit kateter. Dersom du ikkje klarer å late vatnet komplett i løpet av dagen er det nødvendig å overnatte på sjukehuset. Skulle du ikkje klare å late vatnet dagen etter inngrepet, vil du bli opplært i å tappe urinen sjølv med eit lite kateter. Normal vasslating kjem som oftast i gang av seg sjølv etter nokre dagar.
For at geléklumpane skal få festa seg er det viktig at du
- unngår å presse når du tissar dei første dagane
- ventar 2 veker med karbad
- ventar 4 veker med samleie, tampong og hard fysisk trening
Effekt av behandling
Effekten av behandlinga kjem vanlegvis raskt. Ved nokre sjukehus vil du bli oppringd av sjukepleiar etter cirka tre månader, eller du tar sjølv kontakt. Om du ikkje har tilfredsstillande effekt av lekkasjen etter eit par månader, kan vi vurdere behovet for ny behandling med påfyll av Bulkamid.
Biverknader og komplikasjonar
Det er heilt normalt med noko blod i urinen etter inngrepet. Opplever du smerter, kan du bruke paracetamol eller ibuprofen.
Blærekatarr (urinvegsinfeksjon) kan førekomme etter eit slikt inngrep. Du får derfor ofte ein medisin som førebygger dette (Hiprex). Får du svie eller hyppig vasslating etter heimreise bør du ta med morgonurin på reint glas til din eigen lege.
Sjukmelding
Sjukmelding er som regel ikkje nødvendig, men eigenmelding kan nyttast ved behov.
Kontroll
Etter 6-12 månader kallar vi inn deg til fysisk kontroll.