Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Cystometri er ei undersøking av korleis blæra oppfører seg i lagringsfasen og i tømmefasen.
Ved ulike typar skade eller sjukdom i nervesystemet, blir ofte også nervane som styrer blærefunksjonen vår ramma. Normalt styrer ryggmergen og hjernen impulsane til og frå urinblæra. I samband med sjukdom eller skade som rammar sentralnervesystemet, kan dette samspelet bli forstyrra. For å undersøke desse forstyrringane, gjer vi ein cystometri.
Går du på medisinar, skal du ta desse som vanleg. Du vil bli spurd om du bruker medisinar som verkar inn på blærefunksjonen.
Du skal registrere drikke og vasslating i tre dagar før undersøkinga (drikke- og diureseliste). Er du innlagd, får du skjemaet av personalet. Kjem du poliklinisk, får du det tilsendt i posten, på e-post eller liknande.
Dersom du har pågåande urinvegsinfeksjon, må du ta kontakt for å få ny time.
For å vite korleis urinblæra jobbar, blir trykket målt med to tynne sensorar. Éin blir ført med eit kateter inn til blæren via urinrøyret, som ved ein vanleg kateterisering. Den andre sensoren blir ført inn i rektum, og han skal måle buktrykket. Trykket i blæra blir registrert mens den langsamt blir fylt med temperert saltvatn. Hos nokre pasientar måler vi også blodtrykket regelmessig gjennom heile undersøkinga.
Undersøkinga er vanlegvis ikkje smertefull.
Cystometri kan også gjerast ambulatorisk. Med dette siktar ein til at undersøkinga blir utført ved at pasienten har trykkmålarar inne over fleire timar, gjerne eitt døgn. Da blir trykka målte ved naturleg fylling av blæra, ikkje ved fylling av saltvatn.
Pasienten skal i løpet av desse timane leve så normalt som mogleg og utføre vannlatning som elles.
Etter undersøkinga får du samtale med uroterapeut, gjennomgang av dei foreløpige resultata og moglegheit til å stille spørsmål dersom du lurer på noko.
Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.
Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund