- Tidlegare og noverande psykiske lidingar og somatiske sjukdommar
- Selvmordsfare
- Bruk av rusmiddel
- Barndoms- og oppvekstforhold
- Psykiske lidingar i familien
- Negative hendingar før og no
- Problemer i privatliv og arbeid
- Personlige ressursar og moglegheit for støtte frå andre
- Om du har barn og om dei har spesielle behov no som bør varetakast
Depresjon hos vaksne
Depresjon er ei utbreidd psykisk liding prega av senka stemningsleige, mangel på interesse og glede, trøyttleik og nedsett energi. Det finst behandling som hjelper, og dei fleste blir heilt friske.
Andre symptom på depresjon
- Svekka konsentrasjon og merksemd
- Redusert sjølvkjensle og sjølvtillit
- Skuldkjensle og mindreverdigheitskjensle
- Negative og pessimistiske tankar om framtida
- Initiativløyse og avgjerdsvegring
- Tankar og planer om sjølvmord
- Søvnproblem
- Redusert eller auka appetitt
- Nedsett seksuell interesse
- Angst, rastløyse og uro
Mange kan oppleve ulike kombinasjonar av depressive plager. Det varierer også kor mange slike plager kvar enkelt har. Sjølv om det er mange fellestrekk, er det altså store variasjonar i korleis depresjonen artar seg. Depresjon førekjem dessutan i ulike alvorsgrader, frå mild depresjon til alvorleg depresjon, noko som har noko å seie for val av behandlingstiltak.
Vi opplever alle periodar i livet der vi kjenner oss nedfor og energilause. Det er heilt naturleg. Ei depressiv liding er derimot prega av ein type mismot som kan vare i mange veker, og sette eit lokk på både positive og vonde kjensler, både glede og sorg. Ein deprimert person opplever ofte seg sjølv som kjenslemessig tom og flat, og kan føle at ingenting lenger betyr noko. Personen blir gjerne sjølvkritisk og grublar over nederlag og eiga maktløyse. Passivitet og nøling er også vanleg, saman med kroppslege smerter og ubehag.
Vi snakkar ofte om ein depressiv periode, fordi dei aller fleste depresjonane varer ein avgrensa periode, og ein kjenner seg vanlegvis betre etter fire til seks månader. Gjennom behandling kan betringa skje raskare. Eit fleirtal av dei som har vore deprimerte opplever likevel ein eller fleire nye episodar med depresjon i løpet av livet. Derfor er det viktig med tiltak som førebygger ny depresjon.
Korleis kan eg få hjelp til å få gode vanar som kan gi meg betre helse?
Kommunale frisklivssentralar (helsedir.no) er ei kommunal helseteneste som gir kunnskapsbasert støtte til endring av levevanar og meistring av helseutfordringar. Informasjon til pasientar og pårørande om frisklivssentralar (Helsenorge.no)
- Du finn gratis og kunnskapsbaserte verktøy og råd om du vil endre ein vane, eller berre treng informasjon om kva for nokre små grep du sjølv kan gjere for litt betre helse på Helsenoreg (Helsenorge.no).
- Helsenorge har samla kvalitetssikra appar, videoar og andre helseverktøy som støttar deg i kvardagen og i behandlingsforløp
Tilvising og vurdering
For å få eit behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta treng du ei tilvising. Det er som oftast fastlegen som viser til utgreiing og behandling, men anna helsepersonell kan også tilvise. Med utgangspunkt i tilvisinga og prioriteringsrettleiaren “Psykisk helsevern for vaksne“, vil vi vurdere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.
Utredning
Behandling
- Redusere depressive plagar og førebygge tilbakefall
- Få innsikt i ulike samanhengar mellom depresjon og livssituasjon.
- Lære meistringsstrategiar som gir auka tryggleik og kontroll
- Få auka kunnskap om depresjon
- Få hjelp til å meistra ulike livsproblem
- Informasjon om depresjon og korleis han kan forståast og meistrast
- Informasjon om fordelar og moglege biverknader av medikament
- Samtaleterapi retta mot innsikt i og endring av negative tankemønster og kjensler
- Samtalar om tidlegare hendingar som har noko å seia for dagens problem
- Samtalar om vanskar og dilemma i kvardagen din
- Tiltak retta mot arbeid og skole
- Råd om korleis du kan avgrense tida som blir brukt til bekymring og grubling
- Fysisk aktivitet og andre gjeremål som kan gi deg oppleving av meistring
Samval
For deg som har depresjon finst det fleire moglege behandlingar. Kva som er best for deg kan du og helsepersonell komme fram til saman. Dette kallast samval. Å vere med og bestemme er ein rett du har.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
- Kva alternativ har eg?
- Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
- Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?
Arbeid og psykisk helse
Langvarig sjukmelding kan vere uheldig ved depresjon og angstlidingar. Arbeid gir kvardagen form og struktur, med mindre rom for passivitet, bekymring og tunge tankar. Her kan du lese meir om yrkesretta tiltak og bruk av gradert sjukmelding og tilrettelegging.
Oppfølging
Etter at du har avslutta behandlinga hos oss i spesialisthelsetenesta kan du ha utbytte av oppfølging frå fastlegen din og anna helsepersonell i primærhelsetenesta. Ein nyttig reiskap her er ein plan for førebygging av tilbakefall, med punkt for konkrete tiltak du kan gjere, bygd på erfaringane dine om kva som hjelper.
Behandlaren din i primærhelsetenesta kan ved behov søke faglege råd hos oss. De kan også drøfte moglegheita for ei ny tilvising dersom det blir aktuelt.




