Diabetes type 1
Diabetes type 1 er ein hormonsjukdom, og ein såkalla autoimmun sjukdom. Det vil seie at kroppens eige forsvarssystem (immunforsvaret) mot blant anna infeksjonar øydelegg dei insulinproduserande cellene i bukspyttkjertelen. Kroppen sluttar dermed å produsere hormonet insulin, eller produksjonen blir sterkt redusert, og dette fører til at blodsukkeret stig. Diabetes type 1 blir også kalla insulinavhengig diabetes.
Symptom
• Tørste
• Stadig behov for å tisse
• Vekttap
• Slappheit
• Nedsett allmenntilstand (dårleg form)
• Magesmerter/oppkast
• Kortpust
Nokon blir akutt sjuk med teikn til syreforgifting (diabetisk ketoacidose) når sjukdommen blir oppdaga. Dette er ein alvorleg tilstand som krev augeblikkeleg hjelp og innlegging i sjukehus.
Tilvising og vurdering
Ved mistanke om diabetes type 1 blir du lagt inn akutt eller du blir tilvist av din fastlege til sjukehuset for vidare utgreiing. På sjukehuset vil du bli vurdert av endokrinolog, ein lege som er spesialist på hormonsystemet, og startar som regel med insulinbehandling.
Utredning
Behandling
Oppfølging
Ver merksam
For høgt blodsukker
Det kan vere behov for å sette ekstra doser med hurtigverkande insulin for å få ned eit veldig høgt blodglukose.
Syreforgifting
Symptom på syreforgifting kan blant anna vere magesmerter, kvalme, oppkast hovudverk, nedsett allmenntilstand og uttalt tørste. Ved mistanke om syreforgifting må du ta kontakt med lege/legevakt eller sjukehus snarast mogleg.
For lågt blodsukker (føling, hypoglykemi)
Ved lågt blodsukker vil du kunne oppleve symptom som konsentrasjonsvanskar, hjertebank, kaldsveitte, skjelving og hovudverk. Blodglukose kan da korrigerast ved å innta karbohydrat som søt drikke og mat (for eksempel grov brødskive).
Ved ekstra lågt blodsukker kan det oppstå svekka bevisstheit, akutt forvirring eller bevisheitstap. Det er viktig å få blodsukkeret til å stige raskt. Dersom enkle tiltak som mat og drikke ikkje verkar raskt, og ein ikkje oppnår kontakt med deg eller du ikkje kan samarbeide, kan andre gi hormonet glukagon, anten som ein nasespray eller som injeksjon.
Dersom ingen av desse tiltaka hjelper må ein kontakte legevakt eller 113 med ein gong. Det kan da gis infusjon av glukose (sukker), og det kan vere behov for akutt innlegging i sjukehus.