Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Svangerskapsdiabetes er ein type diabetes oppstår i graviditeten. Blodsukkeret blir for høgt fordi insulinproduksjonen er for låg i forhold til det auka kravet i svangerskap. Dessutan finst fleire kompliserte årsaker som har med næringsomsetning i kroppen å gjere. Ein konsekvens av stadig å ha for høgt blodsukker, er at barnet kan bli stort. Det vil også vere auka risiko for svangerskapsforgifting. Behandling av svangerskapsdiabetes går ut på å overvake blodsukkeret og regulere kosthald og fysisk aktivitet. Det kan også vere aktuelt å bruke medisinar.
Det blir anbefalt å ta blodprøve for måling av langtidsblodsukkerverdi (HbA1c) dersom du:
Blodprøva bør helst takast før svangerskapsveke 16. Dersom resultatet viser forhøgde verdiar, anbefaler vi at du begynner med eigamåling av blodsukkerverdiane. Du vil få opplæring i eigamåling og dessutan råd om kosthald og fysisk aktivitet. Fastlege eller jordmor med ansvar for svangerskapskontrollane dine vil legge ein plan for vidare oppfølging og informere deg om den.
Dersom langtidsblodsukkerverdiane frå blodprøva var forhøgde, treng du ikkje å ta glukosebelastningstest.
Ein glukose- eller sukkerbelastningstest viser evna kroppen har til å regulere blodsukkernivået. Undersøkinga blir brukt til å stille diagnosen diabetes.
Glukosebelastningstest blir anbefalt i veke 24 – 26 for:
Dersom testen er normal treng du ikkje å ta glukosebelastningstest igjen, sjølv om det er sukker i urinprøvene dine seinare i svangerskapet.
Dersom resultata frå glukosebelastningstesten eller måling av langtidsblodsukker viser at du sjølv bør starte med eiganmåling av blodsukkeret jamleg, vil du få opplæring i dette sjølv og ei oversikt som viser når og kvar ofte du skal måle.
Resultata frå blodsukkermålingane dine blir vurderte når du kjem til svangerskapskontroll. Dersom det er nødvendig å gjere noko for å halde blodsukkernivået innanfor normalverdiane, vil du få hjelp til dette.
Du bør måle blodsukkeret ditt tre gonger dagleg og notere resultatet for kvar gong:
Blodsukkerverdiane bør vere under 5,3 mmol/l når du er fastande, og under 6,7 mmol/l to timar etter måltid.
Dersom du måler 3–4 blodsukkerverdiar i løpet av 2–3 veker som er over desse verdiane, bør du tilvisast til sjukehuset/diabeteslege for å bli vurdert om du treng medisinar for å regulere blodsukkernivået.
Om det viser seg at du har svangerskapsdiabetes er det viktig at du følger dei råda du får om kosthald, livsstil og aktivitet, og at du møter til dei kontrolltimane du får. Dette er viktig for helsa di og veksten til barnet og utvikling i svangerskapet, og for framtidig helse for deg og barnet.
Dei fleste med svangerskapsdiabetes klarer å regulere blodsukkernivået ved å legge om kosthaldet og vere i regelmessig fysisk aktivitet. Det er anbefalt minst 30 minutt (gjerne 1 time) fysisk aktivitet av moderat intensitet dagleg.
Alle gravide blir anbefalte å ha eit variert kosthald med grove kornprodukt, grønsaker, frukt og bær, magre meieriprodukt, fisk, bønner, linser, erter og nøtter. Mengda av foredla kjøtt, raudt kjøtt og matvarer med mykje metta feitt, sukker og salt bør avgrensast. For eit jamt blodsukker er det bra å ha regelmessige måltid, og fordele maten over fleire måltid.
Hugs at kombinasjonen av fedme og svangerskapsdiabetes meir enn doblar risikoen for svangerskaps- og fødselskomplikasjonar enn om den gravide berre har éin av tilstandane.
Medikamentell behandling (perorale antidiabetika eller insulin) bør vurderast av endokrinolog dersom 2 eller fleire eigenmålingar er over behandlingsmåla (fastande ≥ 5,3 mmol/l; 2 timar etter måltid ≥6,7 mmol/l) i løpet av ei veke, eller tre eller fleire målingar i løpet av to veker, der ytterlegare innstramming/endring av kost ikkje er tilrådeleg.
Ved svangerskapsdiabetes som er godt regulert med kosthald og fysisk aktivitet, kan ein vente til fødselen startar av seg sjølv. Det er ikkje nødvendig med igangsetting så lenge mor elles er frisk.
Dersom ein bruker medikament for å halde blodsukkeret normalt blir det anbefalt igangsetting av fødsel rundt svangerskapsveke 39 fullgåtte veker.
Dei første dagane etter fødselen måler vi både ditt og barnets blodsukker. For dei fleste kvinner med svangerskapsdiabetes vil blodsukkerverdiane normalisere seg raskt etter fødselen.
Alle kvinner som har hatt svangerskapsdiabetes bør få kontrollert langtidsblodsukkeret fire månader etter fødselen. Denne blodprøva blir tatt hos fastlegen. Hugs at du sjølv må bestille time.
Det blir også anbefalt at alle kvinner som har hatt svangerskapsdiabetes, årleg får kontrollert langtidsblodsukkeret. Dette gjeld også før eit nytt svangerskap.
Barn av mødrer med svangerskapsdiabetes har auka risiko for å få for lågt blodsukker etter fødselen. For lågt blodsukker er risikabelt for nyfødde. Blodsukkerverdiane til barnet vil derfor bli målte tre gonger etter fødselen – eller inntil barnet har stabilt blodsukker.
Barnet vil ofte trenge litt ekstra mat/mjølk fram til mjølkeproduksjonen din kjem i gang, for å unngå for lågt blodsukker. Dersom du har brukt insulin i svangerskapet kan det vere behov for at barnet blir observert på barneklinikken dei første timane etter fødselen.
Kvinner som har hatt svangerskapsdiabetes har auka risiko for å få diabetes seinare i livet. Eit sunt kosthald, mosjon eventuelt også vektreduksjon er dei viktigaste tiltaka for å førebygge diabetes.
Følg retningslinjer frå Helsedirektoratet
Kjelde: Legeforeningen.no
Dersom du har meir enn to målingar over anbefalte blodsukkerverdiar i løpet av ei veke må du kontakte jordmor, lege eller sjukehuset.
Tiltak som kan vere aktuelle er endringar i kosten, oppstart av medisinsk behandling med tablettar eller insulin – eller høgare dosering dersom du allereie får insulin.