Diabetes type 2
Diabetes type 2 er ein sjukdom der sukkerinnhaldet i blodet er høgare enn normalt. Dette kjem av at mengda insulin som blir produsert i bukspyttkjertelen er for liten i forhold til behovet og at insulinet ikkje verkar så godt som det skal. Sjukdommen debuterer gjerne hos vaksne over 30 år, men også yngre menneske får han. Førekomsten aukar med alderen. Både arv, overvekt og inaktivitet speler ei rolle for utvikling av diabetes type 2.
Tilvising og vurdering
Det er som regel fastlegen som oppdagar at du har diabetes type 2. Fastlegen kan tilvise deg til gruppeopplæring som sjukehuset arrangerer.
Utredning
Det er som regel fastlegen som oppdagar at du har diabetes type 2. Fastlegen kan vise deg til gruppeopplæring som sjukehuset arrangerer.
Opplæring
Du vil få tilbod om å delta på gruppeopplæring for personar som har diabetes type 2. Du får informasjon om sjukdommen og behandlinga frå lege, sjukepleiar og klinisk ernæringsfysiolog. Det er også sett av tid til diskusjonar og tema som deltakarane vil ta opp.
Tema som blir teke opp: Informasjon om sjukdommen, blodsukkermåling, kosthald, augekontroll, fysisk aktivitet, insulinbehandling, bruk av penn og injeksjonsteknikk, brukarerfaringar, ta vare på føtene, informasjon frå Frisklivssentralen.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarOppfølging
Oppfølging vil skje hos fastlegen din som kan vise deg til sjukehus ved behov. Dette kan til dømes vere ved endringar av behandlinga, som oppstart av insulin eller behov for hjelp til justering av insulindosar.