Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Diabetes type 1 er ein hormonsjukdom, og ein såkalla autoimmun sjukdom. Det vil seie at kroppens eige forsvarssystem (immunforsvaret) mot blant anna infeksjonar øydelegg dei insulinproduserande cellene i bukspyttkjertelen. Kroppen sluttar dermed å produsere hormonet insulin, eller produksjonen blir sterkt redusert, og dette fører til at blodsukkeret stig. Diabetes type 1 blir også kalla insulinavhengig diabetes.
Ved mistanke om diabetes type 1 blir du lagt inn akutt eller du blir tilvist av din fastlege til sjukehuset for vidare utgreiing. På sjukehuset vil du bli vurdert av endokrinolog, ein lege som er spesialist på hormonsystemet, og startar som regel med insulinbehandling.
Det er ikkje ønskeleg med blodglukose < 4 mmol/l. For HbA1c er behandlingsmålet omkring 53mmol/mol.