Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Dialyse - posedialyse

Ved posedialyse (peritonealdialyse) blir dialysevæske ført inn i bukhola gjennom eit kateter på magen. Dialysevæska i buken må skiftast ut med jamne mellomrom fordi han etter nokre timar blir metta med avfallsstoff og dermed mistar effekt. Med litt planlegging kan posedialyse fint kombinerast med jobb og reiser.

Dialyse er ei livslang behandling, dersom du ikkje kan få ny nyre. Dialysen reinsar blodet ditt slik at du ikkje døyr av nyresvikten, men kan leve med sjukdommen. Ved posedialyse er det bukhinna som fungerer som reinsefilter når avfallsstoffa frå blodbanen blir transporterte over i dialysevæska.

Du kan skifte frå posedialyse til bloddialyse (hemodialyse på sjukehus) om du ønsker det, eller om medisinske forhold gjer det nødvendig.

 

Mange opplever at energinivået aukar gradvis etter oppstart av posedialyse, og at symptoma blir reduserte eller forsvinn. Men posedialyse erstattar ikkje funksjonen til friske nyrer fullt ut. Du vil derfor kunne oppleve at ikkje alle symptoma på nyresvikten forsvinn heilt.

Med posedialyse vil mange i mindre grad enn ved hemodialyse trenge kost- og drikkerestriksjonar. Dette kjem delvis av at nyrene si eiga evne til å skilje ut væske og avfallsstoff ofte blir bevart betre, og delvis at reinsinga av blodet og utskiljing av overskotsvæske skjer kontinuerleg.

Det finst to ulike metodar for posedialyse: Med manuelle poseskift (KAPSD) eller ved hjelp av dialysemaskin (APD). Utstyret du treng til posedialyse blir levert heim til deg.

Manuelle poseskift (KAPSD)

KAPSD (continuous ambulatory peritoneal dialysis) betyr i praksis at utskiftinga av dialysevæske blir utført manuelt med posar som du koplar til kateteret. Med KAPSD har du dialysevæske i buken heile døgnet, men du skiftar han ut 3–4 gonger dagleg.

Ved kvart skift set du inn mellom 1 og 2,5 liter dialysevæske. Det tar totalt cirka 30 minutt å utføre eit poseskift, det vil seie å byte ut dialysevæska i buken med ny dialysevæske. Du må rekne med 4 poseskift per dag.

Automatisert peritonealdialyse (APD)

Med APD koplar du deg til ei dialysemaskin som utfører inn- og uttappinga av dialysevæske om natta mens du søv. Du kan kople deg frå maskina, for eksempel når du må på toalettet. Med APD varer behandlinga vanlegvis i 8–10 timar. Hos dei fleste blir behandlinga avslutta om morgonen med at maskina set inn væske som blir verande i buken til du koplar deg til maskina igjen om kvelden.

Tilvising og vurdering

Dei fleste pasientar med kronisk nyresjukdom blir tilviste til nyremedisinsk poliklinikk i god tid før det er aktuelt med nyreerstattande behandling (posedialyse, hemodialyse eller nyretransplantasjon). Val av behandlingsform gjer du etter grundig diskusjon med nyrelegen og eventuelt nyresjukepleiar.

Før

Før du kan starte med posedialyse vil du få operert eit kateter inn i bukhola di. Kateteret er ein tynn plastslange som blir operert inn ved eit kirurgisk inngrep, helst to til tre veker før oppstart av dialysen. Operasjonen skjer som oftast i narkose, i nokre tilfelle i lokalbedøving. Dette vil du få nærare beskjed om på førehand. Du må rekne med to til tre dagar på sjukehus i samband med inngrepet.

På sjukehuset du får grundig opplæring i å utføre posedialysen sjølv. Opplæringa blir tilpassa behovet til den enkelte og tar vanlegvis éi til to veker. Om du treng hjelp, vil heimetenesta kunne utføre posedialysen. Dei får i så fall opplæring frå sjukehuset.  

Under

Når du utfører posedialyse, fører du dialysevæske inn i bukhola gjennom kateteret du har fått operert inn. For at du ikkje skal begynne å fryse eller kjenne ubehag ved inntapping, blir dialyseposane varma til kroppstemperatur på ei varmeplate som du låner frå sjukehuset.

Dialysevæska i buken må skiftast ut med jamne mellomrom fordi han etter nokre timar blir metta med avfallsstoff og dermed mistar effekt. Dialysevæska som har stått i buken din, tappar du ut gjennom kateteret. Etterpå set du inn ny kroppstemperert dialysevæske.

Når du tappar ut dialysevæska, kan du mot slutten av uttappinga oppleve eit ubehag eller sug i magen, fordi kateteret syg seg mot bukveggen. Det er ikkje farleg, og ubehaget forsvinn når du set væske inn i buken igjen.

Det er normalt å kjenne seg litt stinn over magen når du har sett inn ny dialysevæske, spesielt dei første gongene du utfører poseskift. Dei fleste venner seg etter kort tid til å ha væske i buken.

Etter

Det er ikkje lett å kjenne på kroppen om du får god nok dialyse. Du blir derfor følgt opp på sjukehuset med jamleg kontroll av blod, urin og dialysevæske, der vi blant anna sjekkar om innhaldet av avfallsstoff i blodet blir redusert tilstrekkeleg.

Dersom du over tid får for dårleg dialyse, vil du kunne kjenne det ved at du opplever eitt eller fleire av desse symptoma:

  • du blir slapp og har lite energi
  • du får dårleg matlyst
  • du får væskesamling i kroppen som kan gi brå vektoppgang og tung pust

Ver merksam

Biverknader av å ha dialysevæske i buken kan vere at du kjenner deg oppblåst og stinn, eller at du får forstopping. Etter lang tid med posedialyse kan dialysevæska svekke bukhinna slik at ho blir tjukkare og fungerer dårlegare.

Dei vanlegaste komplikasjonane som oppstår i samband med posedialyse er:

  • Infeksjonar som kan leie til bukhinnebetennelse eller betennelse rundt kateterinngangen. I somme tilfelle må behandlinga avbrytast og dialysekateteret fjernast som følge av ein slik alvorleg infeksjon. På grunn av infeksjonsrisikoen kan du ikkje bade i basseng eller badekar.
  • Lekkasje av dialysevæske rundt kateteret.
  • Knekk på kateterslangen eller feil plassering, slik at det blir problem med drenering av dialysevæske inn og ut av buken.
  • Utvikling av brokk som følge av auka trykk på bukveggen på grunn av dialysevæska.
Sist faglig oppdatert 17.02.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Dialyse

Kontakt Dialyse

Oppmøtestad

Dialyse Haugesund

Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Enklaste vegen er å ta heisen ved resepsjonen.

Dialyse Stord

Du finn oss i 2. etasje på Stord sjukehus. Ta heisen og følg skilting. 

Dialyse Odda

Vi held til i 3. etasje på Odda sjukehus.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Opningstider Haugesund

  • I dag 07:30 - 15:00

Opningstider Stord

Opningstider Odda

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.