Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Når eit barn døyr før fødselen, er det ein av dei største tragediane foreldre kan oppleve. Alle forventingane og planane for ei framtid med den nye familiemedlemmen, blir snudde til sjokk, krise og sorg.
Verdshelseorganisasjonen (WHO) definerer dødfødsel som fødsel av barn etter svangerskapsveke 22, der barnet ikkje viser livsteikn ved fødselen. Barnet pustar ikkje og hjarta har slutta å slå.
Om barnet blir født før svangerskapsveke 22, blir det definert som seinabort. For foreldra kan sorga vere sterk og vond same når i svangerskapet barnet døyr og kva som er dødsårsak.
Landsforeningen uventet barnedød har mykje informasjon, rettleiing og råd til foreldre og familiar som opplev å miste barna sine i dødfødsel.
For å stadfeste at barnet i magen er dødt, blir det alltid gjort ei ultralydundersøking.
Funnet må bekreftast av to helsepersonell med ultralydkompetanse, lege eller jordmor. Lege og jordmor vil da informere mor / foreldra om at barnet er dødt, og legge ein plan for fødselen.
Det kan skje at kvinna ber om at det blir gjort keisarsnitt for å få fødselen raskt overstått. Men keisarsnitt kan vere ein komplisert operasjon når barnet er dødt. Det er akua risiko for å blø, og skal kunn gjerast når det er heilt nødvendig av omsyn til mors helse. Ein vanleg vaginal fødsel er anbefalt.
For å sikre at ein skal få eit best mogleg bilde av kva som har skjedd med barnet, er det vanleg å ta blodprøver av mor før ho blir sett i gang i fødsel. Det blir også tatt bakteriologiske prøver mor og sidan frå barnet og morkaka når barnet er fødd. Det kan også takast prøve av fostervatnet via eit nålestikk i magen til kvinna for å sjå om det er bakteriar tillate i fostervatnet.
Om ikkje fødselsriene har begynt når mor kjem til fødeavdelinga, vil fødselen bli satt i gang. Nokon ønsker å bli innlagde på fødeavdelinga og få sett i gang fødselen med ein gang dei får vite at barnet er dødt, mens andre treng litt meir tid.
Igangsetting kan utførast med ballongkateter, cytotec, amniotomi og riestimulering med oxytocin.
Foreldra ønsker alltid ei forklaring på kvifor barnet døydde. Dette er det ikkje alltid mogleg å gi noko svar eller forklaring på. Av og til kan årsaka til dødsfallet avdekkast/sjåast når barnet blir fødd – mens det mange gonger må gjerast ei undersøking av barnet (obduksjon) for å finne årsaka. Foreldra blir alltid spurde og må godkjenne at barnet skal bli obdusert. Uavhengig av obduksjon blir det alltid tatt prøver av fostervatnet, morkake, huda/nase/munn til barnet. Men sjølv med svar på alle desse undersøkingane – som kan ta fleire veker å få svar på - er det ikkje alltid mogleg å finne årsaka til at barnet døydde.
Det er vanleg at foreldra får tilbod om ein samtale med lege på fødeavdelinga nokre veker/månader etter fødselen. Legen vil da gå gjennom prøvesvar og eventuelt resultata frå obduksjonsrapporten med foreldra. Det kan i denne samtalen også vere aktuelt å snakke om korleis eit eventuelt nytt svangerskap bør følgast opp.
Foreldra kan oppleve og uttrykke sorga veldig ulikt. Nokon ønsker å snakke mykje om barnet og det som har skjedd. Nokon opplev at dei lindrar sorga mest ved å sjå framover og fokusere på dei positive tinga i livet. Det er ikkje noko fasitsvar på kva som er den beste og rette måten å takle sorgarbeidet på. For foreldra er det viktig å vere open og snakke saman om korleis dei har det, og korleis dei best kan støtte og hjelpe kvarandre.
I eit eventuelt framtidig svangerskap vil gravide kvinner som tidlegare har opplevd intrauterin fosterdød få tilbod om å bli følgd tett opp i sekundærhelsetenesta hos fødselslege og jordmor. Oppfølginga vil bli skreddarsydd til kvinnas historie den gongen ho mista eit barn, samtidig som ein også skal vareta det psykiske helsa og behovet til kvinna i det aktuelle svangerskapet.
Mange kvinner vil ha behov for tettare oppfølging i den perioden av svangerskepet kor dei mista det førre barnet, nokon vil ha behov for igangsetting av fødselen før ein kjem til denne svangerskapslengda, dersom det førre barnet døydde seint i svangerskapet.