Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Undersøking

EKG - langtidsregistrering

Før

Det er viktig at du har rein og tørr hud utan fuktkrem når du kjem til poliklinikken for tilkopling.

Under

Tilkopling og rettleiing om Holterapparatet tar 10 til 20 minutt. Dette blir gjort av ein sjukepleiar.

Det er viktig at du har så normal aktivitet som mogleg under registreringa. Du må gjerne gjere aktivitetar du trur kan utløyse ei hjarterytmeforstyrring. Dersom du i løpet av denne tida får symptom på hjarterytmeforstyrring, er det viktig at du registrerer dette, og dessutan tidspunkt og aktivitetsnivå på registreringsskjemaet du får utlevert.

Holterapparatet toler ikkje vatn og du kan ikkje dusje med dette påkoblet. Om det er aktuelt med dusjing i registreringsperioden, vil du få opplæring i korleis apparatet skal koplast av og på igjen. Det kan vere greitt å ha ein liten tettsittende T-skjorte, spesielt om natta, slik at leidningane og klistrelappene held seg i ro.

Du bør unngå ekstrem fysisk aktivitet under registrering då dette gir dårleg opptak.

Etter

Du skal levere Holterapparatet tilbake til poliklinikken som avtalt. Resultatet av undersøkinga sender vi til fastlege eller tilvisande lege.

Kontakt

Odda sjukehus Medisinsk sengepost Odda

Kontakt Medisinsk sengepost Odda
En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Transport

​For informasjon om lokalrutetilbod til Odda sjukehus, sjå www.skyss.no. For ekspressbuss, sjå www.nor-way.no.

Praktisk informasjon

​Næraste daglegvare er Bunnpris, 700 meter frå sjukehuset. Adressa er Hjøllo 1, 5750 Odda.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina ligg i U-etg.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 10.00-12.30

Det ligg ein kiosken ved hovudinngangen
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 10.00-18.00.

Kiosken har ikkje betalingsterminal.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Det er ikkje minibank ved sjukehuset. ​Næraste minibank ligg i Odda sentrum.

Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Det er gratis parkering.

Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen.

Reservert plass for blodgivar er på parkeringsplassen sør for sjukehuset.

Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.



Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.