Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Endetarmen, saman med dei andre bekkenorgana som livmor og urinblære, blir halden oppe og på plass av musklane og bindeveva til bekkenbotnen. Når desse blir slappe kan for eksempel endetarmen falle ned og ut av analopninga.
Vi skil mellom indre og ytre endetarmsframfall.
Når større delar av endetarmen kjem ut av analopninga snakkar vi om ytre framfall (ekstern rektumprolaps). Det førekjem oftast hos kvinner og kan gi treg avføring, problem med å tømme tarmen, iblant inkontinens, smerter og kløe.
Ved indre framfall (intern rektumprolaps / intern rektal invaginasjon) blir vrengd delar av endetarmen inn i seg sjølv, men dette er ikkje synleg på utsida. Dei fleste pasientar har ikkje plager av dette.
For pasientar med mykje plager og som blir hemma av dette, kan det vere aktuelt med operasjon.
Fastlegen din kan undersøke deg og vise deg til oss for vurdering av planlagd operasjon. For at vi skal kunne gi den rette behandlinga, er det nødvendig med fleire undersøkingar som blir utførte på sjukehus, som
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Fram til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.
Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om.
Du må møte fastande om morgonen og kan reise heim etter eit kort opphald på sjukehuset. Spesielle forhold kan gjere at nokre pasientar må vere innlagde både før og etter operasjonen.
Det finst ulike operasjonar som eignar seg for ulike pasientgrupper. Alder og den generelle helsa er viktige moment når vi vurderer metode. For pasientar i høg alder eller med generelt dårleg helse, kan det vere aktuelt med eit lokalt inngrep som blir gjort gjennom analopninga.
Dette inngrepet kan gjerast med spinalanestesi og du slepp narkose. Inngrepet har likevel dårlegare resultat enn kikhòlskirurgi.
For dei fleste gjer vi operasjonen med kikhòlskirurgi og robotkirurgi (fremre rectopexi) i narkose. I praksis syr vi eit nett framfor endetarmen, heiser den opp, og slik blir nye framfall førebygde.
Det er ingen rutinemessig kontroll hos kirurg etter operasjon, men du får individuell oppfølging tilpassa behova dine. Før du reiser heim får du informasjon om korleis inngrepet gjekk, og du får med deg smertestillande tablettar og eventuelt resept og sjukmelding.
Oppsøk sjukehuset dersom du opplever sterke magesmerter og feber dei første dagane etter operasjonen.
Gastrokirurgisk poliklinikk hald til i 1. etasje på Haugesund sjukehus.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund