Etter operasjonen blir du liggande på overvakingsavdelinga til narkosen er gått ut. Mange får reise heim same dag, men for somme er det nødvendig å bli på avdelinga ein til to dagar til.
Før heimreise får du informasjon av legen om kva som blei funnen og gjord under operasjonen.
Ved dagkirurgiske inngrep blir du skrive ut same dag. Ved meir omfattande inngrep kan det bli aktuelt å overnatte på avdelinga, men dei fleste reiser da den etterfølgande dagen.
Etter at du er utskriven frå sjukehuset
Bilkøyring
Du må ikkje køyre bil det første døgnet etter operasjonen og det er ein fordel om du blir henta.
Sjukmelding
Dette blir vurdert individuelt. Eigenmelding er ofte nok, det er sjeldan behov for fråvær ut over 3 til 4 dagar. Store inngrep kan gi behov for lengere sjukmelding.
Dei første dagane kan du kjenne deg oppblåst i magen og eventuelt ha vondt i skuldrene. Dette er irritasjon frå gassen i bukhola og kan oftast lindrast med reseptfrie, smertestillande tablettar.
Såra
Alle sting forsvinn av seg sjølve. Stinga er dekte med hudplaster. Du kan dusje, men det er viktig at du held plasteret tørt. Ein eventuelt synleg knutetråd som klør kan du klippe bort. Dersom såret/-a væsker, kan du reinse med vatn eller vanleg reinsevæske. Stripsa kan sitte på til dei losnar eller blir fjerna etter 8 til 10 dagar. Det er ikkje behov for plaster etter at såret er tørt, men vi anbefaler å verne såret/arret mot sol.
Aktivitet
Sjølv om du kan ha auka behov for kvile i tida etter ein laparoskopi, bør du komme i gang med dei vanlege daglege aktivitetane dine så snart som mogleg. Avhengig av type utført inngrep bør du i ein viss periode avgrense tung fysisk aktivitet som belastar bukvegg og bekkenbotn. Som regel avgrensar det seg sjølv. Snakk med legen din om dette.
Du kan ta opp att samleie 2 til 7 dagar etter inngrepet. Har du fjerna heile livmora skal du unngå samleie med djup vaginalpenetrasjon dei første 12 vekene etter inngrepet. Om du har fått annan informasjon av legen som opererte deg, skal du forhalde deg til det.
Etterpå
Om vi har sendt materiale til mikroskopisk undersøking, får du svar etter 2 til 4 veker. Vi kontaktar deg dersom svaret tilseier vidare undersøking eller behandling.
Din eigen lege får kopi av svaret og brev om inngrepet.
Må eg ta medisinar?
Dette avheng av funnet som blei gjort under operasjonen. Vi anbefaler paracetamol og/eller NSAIDS som Ibux, Naproxen, diklofenak osb mot vanlege operasjonssmerter dei første dagane etter operasjonen.
Sjølv etter operasjon kan du ha behov for vidare medikamentell behandling av endometriose.