Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Nokre av dei som blir viste til Spesialsykehuset for epilepsi har ikkje epilepsi, men andre anfallslidingar. Gjennom utgreiing, kartlegging og registrering av anfall, er målet å avklare om anfalla dine er epileptiske eller har ei anna årsak, som for eksempel psykogene ikkje-epileptiske (PNES).
Ved å stille rett diagnose, kan vi tilby deg rett oppfølging og behandling vidare.
Vi sikrar at utgreiinga blir gjord i samsvar med behova dine, og etter ønske frå den som tilviste deg.
Det er viktig med ei god og forståeleg formidling av diagnosen. På den måten håpar vi at du blir motivert for å ta imot vidare oppfølging og behandling.
Vi planlegg opphaldet ut frå tilvisinga. Opphaldet varer vanlegvis mellom 1 til 2 veker.
Ein sjukepleiar frå avdelinga ringer deg cirka 2 veker før planlagd innlegging. I denne samtalen kan du fortelje om situasjonen din og dei behova og ønska du har til opphaldet.
Dersom du eller andre har film av anfalla dine på mobil, er det fint om du tar med deg denne. Det er også fint om du tar med det du har av anfallsbeskrivingar, eventuelt anfallskalender.
Du får innkomstsamtale med lege og sjukepleiar/vernepleiar. Vi kartlegg sjukehistoria og anfallssituasjonen din, og legg ein plan for opphaldet. Du får ei oversikt over dei avtalane du har. Deretter gjer legen ei nevrologisk undersøking av deg.
Du får 1–2 faste sjukepleiarar/vernepleiarkontaktar og ein lege gjennom opphaldet i avdelinga. Du får tilbod om jamlege samtalar med kontaktane dine.
Morgonen etter innlegginga tar vi ei fastande blodprøve av deg.
For å få gjennomført ei diagnoseavklaring, er det viktig at personalet på post har høve til å registrere og observere anfalla dine. Overvakingskamera på soveromma sender bilde til ein skjerm inne på vaktrommet. På den måten kan også eventuelle nattlege anfall oppdagast og kartleggast. Kor mykje, og når på døgnet du skal vere på overvaking, avtaler vi med deg.
Det er viktig at du melder frå til personalet dersom du får forvarsel, eller merkar at du har anfall. Medpasientar blir også bedne om å melde frå til personalet dersom ein annan pasient har anfall.
Anfallsbeskrivingane er med på å gi eit best mogleg grunnlag for å avklare diagnosen.
Anfallsbeskrivingar frå pårørande eller andre nærpersonar er også nyttige bidrag for å få ei god vurdering.
Under opphaldet får du EEG-undersøking: Langtidsovervaking med video (telemetri). Undersøkinga kan vere med på å avklare om anfalla dine er epileptiske eller ikkje. I somme tilfelle er det ønskeleg å redusere dosen du eventuelt står på av anti-epileptiske medikament i forkant av undersøkinga. Vi ønsker å få registrert anfalla dine, og reduksjon av medikament kan auke sjansen for at du får anfall under registreringa.
Legen vurderer om du skal tilbake på den opphavlege dosen din etter telemetri, eller om det skal gjerast endringar. Av og til vil vi også foreslå at du søv litt lite rett før eller under registreringa, fordi vi veit at lite søvn kan utløyse anfall hos enkelte.
I nokre tilfelle er det nyttig med supplerande undersøkingar, som for eksempel ei vurdering av psykolog eller bilde-diagnostikk.
EEG-undersøkinga er ikkje smertefull.
Du må vere i observasjonsrommet, kopla til EEG-apparatet i 1 til 3 døgn.
Når svaret på undersøkinga er klart og vi har fått kartlagt situasjonen din, får du samtale og grundig informasjon av lege og sjukepleiar.
Den diagnostiske konklusjonen fortel om det dreier seg om epilepsi eller ikkje, kva slags epilepsi og kva slags anfall du har.
Diagnosen avgjer kva som er rett behandling vidare.
Den aktuelle behandlinga/oppfølginga blir planlagd og sett i verk i samarbeid med deg.
Ved behov, og etter ønske frå deg, kan også pårørande få informasjon og rettleiing.
Epikrisa til legen blir send til den legen som har tilvist deg til diagnoseavklaring.
I nokre tilfelle er det behov for at du blir kalla inn til ny vurdering, undersøking eller oppfølging på SSE. Dette blir du informert om ved utskriving.
Det blir avklart med behandlande lege på SSE.
Ventetid: 12 uker
Kontakt Nevrologisk avdelingNevrologisk sengepost
Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.
Nevrologisk poliklinikk
Vi held til i 6. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund