FACT-teamet greier kva ut som er behova dine, mål og ønske for behandling og oppfølging. Teamet skal sørge for god informasjon undervegs i utgreiinga. Det kan vere aktuelt å greie ut ulike tema, som for eksempel:
- psykisk helse
- rusmiddelbruk
- kognitiv fungering
- fysisk helsetilstand
- bruk av medisinar
- traumatiske erfaringar
- fungering og meistring
- livssituasjon og levevanar
- familieforhold og sosialt nettverk
- busituasjon
- økonomi
- skole/utdanning/arbeid og arbeidserfaring
- kulturbakgrunn og religion
Teamet skal også hente inn informasjon frå pårørande og tidlegare utgreiingar i samråd med den det gjeld.
Teamet skal utarbeide ein behandlingsplan saman med deg. Planen skal innehalde ein kort gjennomgang av resultata frå utgreiinga, og ei beskriving av behova dine, målsettingar og tiltak.
Om du ønsker det, kan planen også diskuterast og justerast i samråd med pårørande.