Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Fedme hos barn og unge
For å vurdere om ditt barn har fedme som er så stor at han må behandlast ved sjukehus, kan du og fastlegen saman sjå på kroppsmasseindeks (KMI, det same som body mass idex eller BMI) og andre risikofaktorar. Den primære behandlinga av fedme er åtferdsbehandling med mål om endring av livsstil.
Overvekt er et problem som rammer flere og flere barn. Er barnet ditt overvektig, finnes det tiltak som kan hjelpe.
Fedme er knytt til auka risiko for andre helseproblem som redusert livskvalitet og tilleggssjukdommar som kan leie til for tidleg død. Eksempel på tilleggssjukdommar er diabetes type 2, høgt blodtrykk, hjarte-karsjukdommar, pustestopp under søvn (søvnapné), slitasjeforandringar i vektberande ledd og nedsett fruktbarheit hos kvinner. Vekttap vil betre desse helseproblema eller fjerne dei heilt.
Tilvising og vurdering
Overvekt hos barn og unge blir vurdert etter alder og kjønn.
Tilvisingskriteriet er at pasienten har KMI > isoKMI 35, eller > isoKMI 30 med éin eller fleire av følgande tilleggsfaktorar:
Familiær disposisjon, det vil seie første- og/eller andregradsslektning med:
fedme
hjarte- og karsjukdom med debut < 55 år (menn) eller < 65 år (kvinner)
type-2 diabetes
bekrefta lipidforstyrring
Risikofaktor i eiga helsehistorie:
prediabetes
hypertensjon
dyslipidemi
andre kliniske/biokjemiske teikn på følgesjukdommar
svært rask auke i vekt
alvorleg bekymring for vektutviklinga
alvorlege psykososiale belastningar
Dersom eitt eller fleire av følgande funn blir dokumenterte ved utgreiing på lokalt helseføretak/i heimkommunen, får tilvisinga høgare prioritet:
bruker av habiliteringstenester
lærevanskar
alvorleg psykososial problematikk
éin eller begge foreldre KMI >40
Aldersjusterte grenseverdiar for iso-KMI 25, 30 og 35
Ved første konsultasjon møter familien helsepersonell til ein samtale. Her blir motivasjon kartlagd for behandlinga, kvardagen og korleis barnet/ungdommen har det. Etter timen får ein med ei kostliste der ein fyller ut det barnet/ungdommen et og drikk over nokre dagar.
Neste gong treffer de ein lege som kartlegg sjukehistorie, vekthistorie og vektrelaterte følgesjukdommar med tanke på moglege årsaker og komplikasjonar til overvekta. Legen vil gjere ei enkel undersøking av kroppen til barnet/ungdommen. Deretter går de gjennom kostlista saman med sjukepleiar, slik at de kan utarbeide konkrete mål for endring basert på eige kosthald.
Dei fleste vil så følgast opp av eit team beståande av for eksempel sjukepleiar, ernæringsfysiolog, fysioterapeut, psykolog og lege. Her er formålet å kartlegge kva du et, den fysiske aktiviteten din og å gi råd om dette. I utgangspunktet følger alle barn og unge eit standard forløp det første året, men vi legg det vidare behandlingsforløpet ditt saman med deg, der vi finn den behandlingsmetoden som passar deg best.
Pasientar med psykiske plager som kan ha noko å seie for behandlinga vil bli tilviste til psykolog med spesiell kompetanse på barn og ungdom. Vi ønsker også å inkludere helsesøster og fastlege i vidare oppfølging.
Behandling
Livsstilsendring
Overvekt og fedme hos barn og unge blir behandla med hjelp til endring av levevanar.
I åtferdsbehandlinga fokuserer vi på korleis ein så enkelt som mogleg kan endre levevanar. Målet med behandlinga er varig endring av levevanar, vektreduksjon, vektstabilisering og betring av følgesjukdommar.
Behandlinga kan vere gruppebasert eller i form av individuell undervisning, og den inkluderer element av kognitiv åtferdsterapi og motiverande samtaleteknikkar.
I behandling av barn og unge med fedme er det nødvendig å engasjere familien og omgivnadene som barnet lever i. I praksis vil det ofte bety at også foreldre og søsken endrar litt på matvanane sine og bevegar seg litt meir.
For å sikre eit varig vekttap er det viktig med regelmessig fysisk aktivitet. Det blir anbefalt minimum 60 minutt fysisk aktivitet kvar dag. Aktiviteten bør vere variert og intensiteten både moderat og høg.
Fysisk aktivitet utover 60 minutt dagleg gir ytterlegare helsegevinstar. Minst tre gonger i veka bør aktiviteten vere med høg intensitet, og inkludere aktivitetar som gir auka muskelstyrke og styrker skjelettet.
Det er også viktig å redusere tida ein sit heilt stille. Helsemyndigheitene har komme med oppfordringar til barn, unge, vaksne og eldre om å redusere tida i ro i løpet av dagen. All rørsle er positiv.
Mange bruker ein stor del av dagen i ro, for eksempel med å sjå på tv, videospel, nettbrett, pc-bruk, annan «skjermtid», lesing eller motorisert transport. Tida som blir nytta i ro framfor ulike skjermar aukar med stigande alder. Faste rammer er lett å forhalde seg til for både vaksne og ungdom. Å tidsavgrense dagleg skjermaktivitet kan vere ei rett løysing.
Det er også viktig å redusera tida ein sit heilt stille. Helsestyresmaktene har komme med tilrådingar til barn, unge, vaksne og eldre om å redusera tida i ro i løpet av dagen. All rørsle er positiv.
Mange bruker ein stor del av dagen i ro, til dømes med å sjå på tv, videospel, nettbrett, pc-bruk, annan «skjermtid», lesing eller motorisert transport. Tida som blir nytta i ro framfor ulike skjermar aukar med stigande alder. Faste rammer er lett å ta omsyn til for både vaksne og ungdom. Å tidsbegrense dagleg skjermaktivitet kan vera ei rett løysing.
Det viktigaste når du skal komme i gang med fysisk aktivitet er at du vel ein aktivitet du liker. Da aukar sjansen for at du trivst og fortset å vere fysisk aktiv.
Mange har avgrensingar med tanke på kva kroppen toler av aktivitet. Vi anbefaler at du gjer det du får til. Når vekta går ned er det viktig at du aukar aktivitetsnivået i takt med kva kroppen toler. Kanskje kan du nå drive med det du har hatt lyst til lenge? Treng du hjelp til å komme i gang, har mange kommunar oppretta frisklivssentralar.
Frisklivssentralen kan for eksempel tilby samtalar, trening og matkurs.
Snakk med fastlegen din om det finst eit slikt tilbod i kommunen din eller gå inn på nettsida til kommunen. Sjekk også ut kva som finst i nærmiljøet ditt av idrettslag, pasientorganisasjonar og treningsgrupper.
Støttebehandling
Det er utfordrande å gjere endringar i kosthald og aktivitet. For mange trengst stor innsats over tid, men for somme er ikkje rettleiing nok for å oppnå dei resultata som trengst. Da kan det vere aktuelt med støttebehandling.
Medikamentell behandling
Behandling med medisinar som reduserer svolt og aukar mettheit kan for nokon vere nødvendig for å oppnå endringar. Slik behandling er godkjent for ungdom etter fylte 12 år, og behandlarane våre kan saman med familien vurdere om det er aktuelt.
Kirurgisk behandling
For enkelte, når all anna behandling er freista utan tilstrekkelege hjelpa og fedmen utgjer ein stor risiko for helsa, kan kirurgisk behandling vere nødvendig for å oppnå vektnedgang. Behandlarane våre har erfaring med oppfølging av barn og ungdom med alvorleg fedme, og kan vurdere om kirurgi kan vere ei aktuell behandling som kan gjere det lettare å ete mindre.
Oppfølging
Varigheit av behandlinga blir vurdert utor behov og nytte i samarbeid med familien. Etter avslutta behandling ved poliklinikken vil vidare oppfølging skje hos fastlege og/eller helsesjukepleiar. Behandlinga du har vore igjennom vil vere førande for kva type oppfølging du treng og kor ofte du skal ha oppfølging.
Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus. Ta trappene eller heisen ved Narvesen kiosken i 1. etasje for å kome til oss. Då kjem du rett til avdelinga vår i 3. etasje. Meld deg i skranken vår når du kjem.
Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontantar. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.
Parkeringshuset har tre ladeuttak.
Reserverte parkeringsplassar
Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.
Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar i toppetasjen på parkeringshuset. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelinga dersom du har rett til å bruke dessa plassane.
Parkeringsavgift
Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på p-automatane.
Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.