Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fedmeoperasjon – gastrisk bypass

Personar med sjukeleg overvekt som ikkje har lykkast med å gå ned i vekt etter fleire forsøk, kan ha nytte av fedmeoperasjon. Hovudårsaka til at ein fedmeoperasjon gir vektreduksjon, er at ein blir mindre svolten og raskare mett, ikkje at ein har kopla ut delar av tarmen. Gastrisk bypass er ein type fedmekirurgi der magesekken blir redusert med om lag 95 prosent og tarmane blir kopla om.

 
Ved operasjonen gastrisk bypass blir magesekken gjort mindre ved at kirurgen lagar ei lomme (cirka 20–30 ml) av den opphavlege magesekken din og koplar den til tynntarmen. Inngrepet gjer at du får en tidleg og vedvarande følelse av å vere mett og fører til at dei fleste går ned i vekt dei første 12–18 månadene etter operasjonen..  
 
Den vesle magesekken gjer at du må ete små og hyppige måltid, og at du vil tole feitt og sukker dårlegare enn før.  
 
Det er viktig å vere klar over at kirurgi aleine sjeldan eller aldri er nok for å oppnå eit varig vekttap, men kan hjelpe deg med sjukeleg overvekt å gå ned i vekt og oppretthalde vektreduksjonen over tid. Det viktigaste er å endre levevanar, noko som blant anna inneber endra kosthald og auka fysisk aktivitet. 
 
Ein fedmeoperasjon aleine kan ikkje kurere fedme.

Før

Det er viktig å vere godt førebudd før ein fedmeoperasjon. Sjukehuset tilbyr både individuell og gruppebasert rettleiing. 

Alle som skal bli fedmeoperert, vil bli kalla inn til ein eller fleire av behandlarane i vårt tverrfaglege team (lege, fysioterapeut, sjukepleiar, klinisk ernæringsfysiolog, psykolog) både før og etter operasjonen. 

Du vil bli kalla inn til ei samtale hos lege før operasjonen (sleeve-gastrektomi eller gastrisk bypass). Det er viktig at du tar med skriftleg liste over alle medisinar,  kosttilskot og naturmiddel du bruker, inkludert nøyaktige namn, styrke og doseringar. Liste over dei reseptpliktige medisinane dine finn du på helsenorge.no eller hos fastlegen. 

Enkelte pasientar må også gjennomgå ekstra undersøkingar som gastroskopi, røntgen eller hjarte- og lungeundersøking. 

Kvinner som er i fruktbar alder og er seksuelt aktive, må ta ein graviditetstest før planlagt operasjon. Dersom du er gravid, må operasjonen bli utsett. 

Dei fleste som skal bli operert, må gå på ein lågkaloridiett (800–1200 kaloriar per dag) dei siste tre vekene før operasjonen. Dette vil redusere feittmengda i buken og størrelsen på levra og gjere det lettare å gjennomføre operasjonen med kikkholskirurgi. 

Du bør bruke tida før operasjonen til å jobbe med etemønsteret ditt og matvareval. 
Her er nokre av de utfordringane det er lurt å ta tak i: 

  • Unngå småeting. Et til faste tider og bruk tid på måltidene. Nyt maten!  
  • Et mat med mykje protein: reint kjøtt, fugl eller fisk, egg, belgfrukter (erter, bønner, linser) eller magre mjølkeprodukt.  
  • Prøv å unngå å ete fordi du er lei deg, sint, deprimert eller kjedar deg.  
  • Følg ein lågkaloridiett tre veker før operasjonen. 

Regelmessig fysisk aktivitet er viktig for å sikre eit varig vekttap, og det er aldri for seint å begynne. Vi anbefaler minimum ein og ein halv time med fysisk aktivitet per veke med moderat intensitet. Det betyr at du skal bli lett andpusten. Ved høg intensitet kan du halvere den anbefalte tida.  

For å få eit vellykka resultat etter fedmeoperasjon er det heilt nødvendig at du forandrar etemønster og livsstil. Etemønster eller eteåtferd handlar om korleis du et i løpet av dagen. 

Vi skil mellom: 

  1. kjensleregulert eting, der du et eller drikk (f.eks. sjokolade, is, kaker, snacks) for å dempe ubehagelege følelsar som indre uro, angst eller tristheit, 
  2. ukontrollert eting, der du et mat i ukontrollerte mengder eller har ein tendens til impulsstyrt eting 
  3. eteavgrensing, der du i større eller mindre grad prøver å avgrense inntaket av mat 

Ein fedmeoperasjon kan gjere det lettare å endre desse etemønstera, men det er viktig at du alt før operasjonen er bevisst på kva etemønster som har prega deg, og som har ført til vektauken. 

I god tid før operasjonen kan du gradvis øve deg på å betre etemønsteret ditt slik at overgangen til tida etter operasjonen ikkje blir for vanskeleg. 

Enkelte som regulerer vanskelege følelsar med mat før operasjonen, opplever ein slags sorg over ikkje å kunne trøyste seg med sukker- og feittholdig mat i etterkant. Nokre treng derfor tett oppfølging både før og etter operasjonen for å lære seg andre måtar å handtere vanskelege følelsar på. 

  • Planlegg korleis du skal gjennomføre forandringane 
  • Et regelmessig og langsamt, tygg maten godt og øv på små porsjonsstørrelsar  
  • Auk aktivitetsnivået ditt for å komme i betre form 
  • Unngå vektauke mens du ventar på operasjonen  
  • Slutt å røyke 

I gjennomsnitt blir vekta redusert med 30 prosent etter gastrisk bypass, men det er store individuelle forskjellar. Nokre går ned meir, andre mindre. Vekta vil i gjennomsnitt bli redusert 1–2 kg per veke det første halvåret. Etter 1–2 år etter operasjonen vil vekta stabilisere seg. 

Du kan ete fram til kl. 20.00 og drikke fram til kl. 24.00 kvelden før operasjonen. 

Under

Inngrepet blir gjort som kikkholskirurgi. Dette betyr at du får nokre få, små snitt i bukveggen, der vi fører inn operasjonsinstrument og kamera. Kirurgen lagar ei lita lomme i øvre del av magesekken ved å stifte saman delar av magesekken. Resten av magesekken blir lukka og skilt frå lomma, men blir ikkje fjerna. 
 
Kirurgen deler så tarmen i den første delen av tynntarmen og koplar denne saman med den vesle lomma. 
 
Den resterande magesekken, som går over i tolvfingertarmen og øvre del av tynntarmen, blir kopla saman med tynntarmen slik at magesaftene frå magesekken kan blande seg med maten i tynntarmen. 
gastric bypass-stor.jpg

Illustrasjon: Kari C. Toverud

 

Etter

Etter inngrepet blir du lagt på ei oppvakningsavdeling. Her overvaker vi kroppsfunksjonane dine ei stund før du får komme tilbake til sengeposten. 

Behovet for overvaking, smertelindring og antal dagar på sjukehuset avheng av om du er operert laparoskopisk (kikkhol) eller med open kirurgi. Normalt er du innlagt ein til tre dagar etter ein laparoskopisk operasjon og tre til fem dagar etter open operasjon. 

Du vil kunne drikke same dag som du er operert. Likevel er det viktig at du i starten tar det forsiktig, med berre små slurkar av væske av gongen og ventar ei stund før du drikk meir. Dersom du får smerte eller anna ubehag, skal du vente med å drikke meir. Dersom du får ubehag eller ikkje klarer å drikke nok, får du intravenøs væske. Dagen etter operasjonen kan du drikke så mykje du vil. 

Det er viktig å komme raskt i gang med å bevege seg etter operasjonen for å minske risikoen for blodpropp og lungekomplikasjonar. Alt dagen etter operasjonen kan og bør du komme ut av senga. Du kan etter kvart sitte oppe og gå i korridorane. 

Heimreisa frå sjukehuset bør du ha planlagt på førehand. Du kan ikkje køyre bil sjølv når du reiser heim, og det er ein fordel om du blir henta. Sjukehuset kan eventuelt hjelpe deg med å ordne transport. 

Dei fleste blir sjukemeldt ein periode etter fedmeoperasjon. 

Du må øve på det nye etemønsteret ditt før du går tilbake til arbeid, skule eller studium, så du er godt førebudd på å handtere det nye livet ditt. I den første perioden, når vekttapet er størst, vil mange pasientar oppleve at dei har lite overskot og blir fort slitne. Vi oppfordrar deg til å vere fysisk aktiv alt kort tid etter operasjonen. 

Oppfølging etter operasjonen skjer i samarbeid mellom sjukehuset og fastlegen. Dei første åra blir du kalla inn til fleire kontrollar ved sjukehuset. Du vil bli bedt om å ta blodprøver før eller når du møter til timen. Avhengig av resultata vil det kunne bli gjort endringar av medisinar og tilskot av vitamin og mineral. Fastlegen blir orientert om resultata frå desse. 

Det store vekttapet fører ofte til overskotshud som kan gi plager i form av eksem, irritasjon, infeksjon, gnagsår, smerte, redusert moglegheit for fysisk aktivitet og psykiske plager. 

Først etter at vekta di har vore stabil i minst eitt år og tidlegast to år etter fedmeoperasjonen, vurderer vi plastikkirurgi. Behovet ditt for plastikkirurgi bør bli vurdert av lege med erfaring innan feltet, og etter ei grundig medisinsk vurdering blir den endelege avgjerda tatt av kirurgen. 

Vektreduksjon aukar fruktbarheita, og mange blir overraska over å bli gravid alt etter å ha gått ned nokre få kilo. Vi fråråder kvinner å bli gravide dei første 18 månadene etter operasjonen fordi næringstilførselen til fosteret kan bli utilstrekkeleg. Vi anbefaler derfor sikker og trygg prevensjon i form av hormonspiral i denne perioden. Hormonspiralen bør vere på plass alt før oppstart av lågkaloridietten tre veker før operasjonen og bør vere i minst 18 månader etter operasjonen. 

Dei som blir gravide etter fedmeoperasjon, må bli følgt nøye opp for å kontrollere vektauke, fosterets helse og førebygge komplikasjonar og manglar av viktige næringsstoff. Det bør bli tatt regelmessige blodprøver (kvar tredje månad) av jern, folat, vitamin B12, kalsium og vitamin D. 

Alvorlege komplikasjonar som bløding, infeksjon, skade på tarm, lekkasje frå tarm til bukhole, tarmslyng, blodpropp eller akutt hjarte- og karsjukdom og lungesjukdom hender hos inntil fem prosent av dei som blir operert for overvekt. Magesår kan oppstå i restmagesekken. Du må derfor ta medisinar som førebygger magesår, dei første fire vekene etter operasjonen. 

For å førebygge kvalme, oppkast, gulping, luftsmerter, sure oppstøyt, forstopping og diaré anbefaler vi hyppige og små protein- og fiberrike måltid. Det er også viktig å tygge maten godt, ete langsamt og drikke rikeleg mellom måltida. Ofte toler du gjærbakst, pasta, ris, heile kjøttbitar, samt skal og hinner i frukt og grønsaker dårleg den første tida etter operasjonen. 

Dei vanlegaste plagene etter operasjonen er kvalme, oppkast, gulping, luftsmerter, sure oppstøyt, forstopping og diaré. Nokre av desse plagene oppstår først og fremst dersom du har ete for mykje eller for fort, og kan bli opplevd som at maten «stoppar opp». Kalsiumtablettar og jerntablettar kan også gi biverknader og plager frå mage og tarm. 

Det er normalt ikkje å ha avføring dagleg etter ein overvektsoperasjon fordi du et mindre og får i deg lite fiber. Avføring sjeldnare enn kvar tredje dag blir rekna som forstopping. 

Du kan førebygge forstopping ved å drikke rikeleg med vatn og vere i aktivitet. I tillegg kan du: 

  • Drikke Biola eller sviskesaft  
  • Ete svisker som har lege i vatn over natta  
  • Legge 1 spiseskei knuste linfrø i 0,5 glas vatn over natta. Et alt saman, gjerne med Biola til  
  • Ta laktulose (15–30 ml dagleg) i 2–4 dagar inntil avføring er normal 

Diaré kan blant anna komme av intoleranse for mjølkesukker (laktose), feittintoleranse eller at du ikkje toler sukker, kunstige søtstoff eller fiber like godt som før. 
 
Får du diaré, bør du ikkje drikke søt mjølk eller ete mat som er laga av søt mjølk, for eksempel graut, brunost og prim. Ver også ekstra forsiktig med feitt i kosten. 

Andre typiske plager etter fedmeoperasjon er at du frys meir og mistar hår. Dette kjem av det raske vekttapet. Kroppen reagerer med å spare energi på «mindre viktige» funksjonar i kroppen. Plagene kjem oftast i fasen med stor vektreduksjon og normaliserer seg som regel når vekta blir stabilisert. 

Stor vektreduksjon aukar risikoen for gallestein. 

Psykiske plager og livskvalitet blir ofte betre etter fedmeoperasjon, men enkelte kan utvikle eller få tilbakefall av tidlegare plager eller sjukdommar. Pasientar med alvorleg psykisk sjukdom treng tett oppfølging frå både sjukehus og fastlege. 

Dumping, også kalla «tidleg dumping», er vanleg etter gastrisk bypass og kjem blant anna av at drikke og matvarer med mykje sukker i trekker væske inn i tynntarmen. Dette fører til magesmerter, kvalme, oppkast, diaré, slappheit, hjartebank, kaldsveitting og ein følelse av å vere svimmel. Desse symptoma oppstår som regel innan ein halvtime etter måltidet. 

Ein kan førebygge dumping ved at ein unngår raske karbohydrat (mat og drikke med mykje sukker i og mat laga av kvitt mjøl), og ved at du et hyppige og små protein- og fiberrike måltid. Det kan også vere lurt å skilje mat og drikke, for eksempel ved å unngå drikke i perioden frå ein halv time før til ein halv time etter måltidet. Dumpingplager forsvinn med tida. 

Lågt blodsukker, også kalla «sein dumping», er ganske vanleg etter gastrisk bypass og kjem truleg av at bukspyttkjertelen skil ut for mykje insulin etter eit måltid. Lågt blodsukker kan oppstå ein til tre timar etter at du har ete, og symptoma kan minne om dumping. 

Du kan førebygge lågt blodsukker ved at du et relativt små, hyppige og fiberrike måltid, og ved å unngå raskt absorberberre karbohydrat (sukker og kvitt mjøl). Enkelte kan få store plager med lågt blodsukker, og annan type behandling kan bli nødvendig. 

Indre brokk er ein alvorleg komplikasjon som kan oppstå både kort og lang tid etter gastrisk bypass. Tilstanden er kjenneteikna ved akutt innsetjande, og i enkelte tilfelle varierande, kraftige magesmerter. Tilstanden krev rask vurdering av lege (rask hjelp). 

Du kan oppleve oppblåst mage, rumling og auka luftavgang etter fedmeoperasjon. Ein av forklaringane på dette er at det nye etemønsteret gjer at mange svelger meir luft enn dei gjorde før operasjonen. Andre forklaringar på luftplager kan vere at noko av maten du et, ikkje blir ordentleg brote ned i mage og tynntarm. Du kan også oppleve at du ikkje toler mjølkesukker (laktose) som før, og dette kan også føre til luftplager. 

Du kan unngå luftplager ved å ete og drikke langsamt, tygge maten godt, unngå drikke med kolsyre i, tyggegummi og harde drops. 

Biola, Cultura og yoghurt toler ein ofte betre enn vanleg mjølk, men prøv deg fram. Ein kan også hindre og lindre luftplager ved å ete mindre av det som gir deg plager, for eksempel redusere inntaket av fiberrik mat ei tid. Det hjelper også å ete langsamt og vere fysisk aktiv. 

For å førebygge magesår skal alle ta ein medisin som hemmar syreproduksjonen i restmagesekken i fire veker etter inngrepet. 

Dei fleste pasientane med diabetes type 2 kan redusere dosen eller slutte med blodsukkersenkande medisinar (tablettar eller insulin). Det er viktig med hyppige eigenmålingar av blodsukkeret og tett oppfølging dei første vekene etter operasjonen. 

Mange pasientar med høgt blodtrykk kan etter operasjonen redusere eller slutte med blodtrykksmedisin, men ein god del må framleis ha behandling. Det er derfor viktig at du regelmessig får kontrollert blodtrykket ditt og justert medisindosar hos fastlegen, dersom du treng det. 

Pasientar med sjukeleg overvekt har ofte for låge vitaminnivå i blodet alt før fedmeoperasjonen. 

Alle fedmeopererte kan utvikle mangel på viktige vitamin og mineral. For å førebygge dette skal du ta følgande tilskot (kan variere i dose avhengig av blodprøvesvar hos den enkelte). 

  • Multivitamin (komplett vitamin- og mineraltilskot med jern og K-vitamin, eks. Nycoplus Multi) 2 tablettar dagleg det første året etter operasjon, deretter 1–2 tablettar dagleg. 
  • Vitamin B12 i sprøyte, første gong 1 månad etter operasjon, deretter 1 mg kvar tredje månad, eller vitamin B12 i tablettform 1 mg dagleg. 
  • Vitamin D- og kalsiumtilskot (0,5 g kalsium og 10 μg vitamin D3) 1 tablett 2 gonger dagleg eller 2 tablettar 1 gong dagleg.  
  • Jern, 100 mg til kvinner som har menstruasjon 1 tablett 1 gong dagleg. Menn og kvinner utan menstruasjon, 45–60 mg jern dagleg. 

Tilskot av kalsium og jern bør ikkje bli tatt samtidig, fordi kalsium hemmar opptaket av jern i tarmen. Det bør gå minst to timar mellom inntak av kalsium- og jerntilskot. I løpet av første veke etter operasjonen er dei fleste i stand til å ta tilskota. 

Vitamin B12 blir dekt på blå resept (§ 2), mens legen vil hjelpe deg med å søke Helfo om individuell stønad etter blåreseptforskriften (§ 3) til vitamin D-, kalsium- og jerntilskot.  Utgifter til multivitamintablettar blir ikkje dekt. 


Ver merksam

Det er mange komplikasjonar som kan oppstå etter fedmekirurgi, både på kort og på lang sikt. Tidleg etter operasjonen er blødingar, blodpropp, lekkasje frå magesekken som er att, og infeksjonar dei mest aktuelle. Faren for dødsfall i samanheng med komplikasjonar er under 0,1 prosent. 

Ikkje nøl med å kontakte lege dersom du føler deg sjuk eller mistenker at ikkje alt er som det skal vere etter operasjonen. 


Sist faglig oppdatert 05.01.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Gastrokirurgisk avdeling
Ventetid: Ikke oppdatert

Ventetid: Ikke oppdatert

Kontakt Gastrokirurgisk avdeling

Oppmøtestad

Gastrokirurgisk poliklinikk hald til i 1. etasje på Haugesund sjukehus.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Ventetid

Ikke oppdatert ventetid for utredning

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.