Metabolsk relatert feittleversjukdom
Feittleversjukdom
Feittleversjukdom er ein tilstand der for mykje feitt blir lagra i levra. Alkohol er ei kjend årsak til feittlever, men årsaka til metabolsk relatert feittleversjukdom er som regel ein kombinasjon av at ein et fleire kaloriar enn kroppen treng og ein inaktiv livsstil. Derfor er overvekt, diabetes type 2, høgt blodtrykk og høgt kolesterol tilstandar som ofte opptrer samtidig med feittlever. Desse tilstandane blir kalla metabolske faktorar og har ein fleire av desse kallar ein det for metabolsk syndrom.
Førekomst
Metabolsk-relatert feittleversjukdom er den vanlegaste leversjukdommen i verda. Kring 25 prosent av europearar har denne tilstanden og det finst i alle aldrar. Hos dei med fedme (BMI>30) har nesten 90 prosent denne tilstanden, men det kan også finnast hos personar utan overvekt (BMI<25).
Symptom
Dei fleste har ingen symptom og tilstanden blir oppdaga tilfeldig i samband med blodprøvar eller biletundersøkingar, til dømes ultralyd. Leverprøva ALAT viser ofte litt høgare verdiar og biletundersøkingar kan vise teikn til feittlever. Somme kan ha ei kjensle av å vere utmatta, vere trøytte eller ha ubehag under høgre ribbeinsboge der levra ligg.
Diagnosen
Feittlever utan teikn til betennelse fører vanlegvis ikkje til skade på levra, men éin av fem personar med feittlever har betennelse i levra. Hos dei som i tillegg har diabetes type 2, er dette talet mykje høgare.
Korleis sjukdommen utviklar seg hos kvar enkelt er vanskeleg å seie. Langvarig betennelse vil kunne danne arr i levra og kan hos somme pasientar føre til levercirrhose, på norsk kalla skrumplever. Levercirrhose kan etter kvart føre til leversvikt og gir også auka risiko for å utvikle kreft i levra.
Utgreiing
Før du får diagnosen må andre årsaker til leversjukdom som virus, alkohol og medikament bli utelukka. Utgreiinga vil som regel bestå av blodprøvar og biletundersøking av levra (ultralyd, CT eller MR). Hos somme kan det vere aktuelt å gjere ei måling av stivleiken til levra med ein type ultralydapparat, til dømes Fibroscan, som kan seie noko om graden av danning av arr.
Dersom diagnosen er usikker kan det vere aktuelt å ta ein prøve av veva til levra, ein leverbiopsi. Dette blir gjort på sjukehuset via eit nålestikk gjennom huda og inn i levra. Ein slik prøve inneber ein liten risiko for komplikasjonar slik at dersom ein er rimeleg sikker på diagnosen er dette som oftast ikkje nødvendig.
Behandling
Det er førebels ingen tilgjengelege medikament som direkte behandlar feittleversjukdom. Vektreduksjon er den viktigaste behandlinga og dette kan oppnåast gjennom endring i diett og auka fysisk aktivitet.
Det blir tilrådd vektreduksjon på 7-10 prosent dersom du har overvekt eller fedme. Hos personar utan overvekt er det tilrådd eit vekttap på 3-4 prosent. Dersom feittleversjukdommen blir oppdaga og blir tidleg handtert, kan vekttapet føre til at levra blir heilt normal igjen. Dersom det allereie er oppstått danning av arr kan vekttap stundom føre til ein viss tilbakegang av arrdanninga. Ved vektnedgang vil også risikoen for å utvikle diabetes type 2 og hjarte-kar-sjukdom blir redusert.
Vekttap kan oppnåast med kva diett som helst som reduserer kaloriinntaket. Det finst ei mengd ulike diettar, men det finst ingen «magisk» diett. Det er tilrådd å redusere mengda metta feitt som ofte finst i prosessert mat/ferdigmat. Ein bør unngå tilsett sukker, spesielt fruktsukker.
Når det gjeld fysisk aktivitet er all auke i fysisk aktivitet nyttig. Det er tilrådd over 150 minutt per veke med fysisk aktivitet av moderat intensitet fordelt på 3-5 økter. Aktiviteten bør vere ein kombinasjon av aerob trening (rask gonge, løping, sykling, symjing) og styrkjetrening.
Det er viktig å finne ei endring i livsstilen som du kan leve med over tid. Slike endringar bør betraktast som ei behandling som skal vare resten av livet.
Kirurgi mot overvekt kan vere aktuelt for nokre pasientar, spesielt om det er høg risiko for utvikling av levercirrhose.
Alkohol kan forverre sjukdommen. Alle med levercirrhose blir tilrådde totalfråhald frå alkohol. Hos pasientar utan cirrhose er det noko uvisse kva mengd alkohol som er trygt. Inntaket bør haldast på eit minimum.
Medikament for diabetes type 2 eller overvekt
Nokre av medikamenta som er godkjende for behandling av diabetes type 2 kan ha gunstig effekt på feittleversjukdom (Pioglitazon, Ozempic (semaglutide) og Rybelsus (semaglutide); blir føreskrive på blå resept). Saxenda (liraglutide) og Wegovy (semaglutide) er medikament godkjende for bruk ved fedme eller hos dei med overvekt og visse tilleggssjukdommar. Saxenda og Wegovy får ein ikkje på blå resept med mindre ein har BMI over 50 og alvorlege vektrelaterte sjukdommar.
Mange medisinar blir testa i pågåande kliniske studiar, slik at det i framtida vil komme medikament som verkar direkte mot metabolsk relatert feittleversjukdom.
Oppfølging
Dei fleste kan følgjast opp hos fastlegen sin. Det er viktig med regelmessig kontroll av vekt, blodsukker, blodtrykk og feittstoff i blodet (kolesterol, triglycerider). Dersom det er nødvendig startar fastlegen behandling med blodtrykksmedisinar, kolesterolsenkande eller medisinar mot diabetes.
Snakk med fastlegen, eventuelt ernæringsfysiolog om kosthaldsendring. Mange kan ha nytte av å ta kontakt med frisklivssentralen i kommunen sin. Ein frisklivssentral er ei kommunal helseteneste som støttar og rettleier personar som ønskjer å endre levevanar og meistre helseutfordringar. Du kan sjølv ta kontakt og treng inga tilvising.
Dersom det ligg uttalt arrdanning i levra eller levercirrhose kan det vere behov for oppfølging i spesialisthelsetenesta.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Gastromedisinsk poliklinikk
Oppmøtestad
Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund