Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Elastografi (leverstivheitsmåling)

Elastografi er ei form for ultralydundersøking av levra hos pasientar med ulike leversjukdommar. Elastografi blir brukt for å måle stivleiken/elastisiteten til levra. Undersøkinga tek omlag 10 minutt og blir gjennomført av anten sjukepleiar eller lege.

Før

Du skal faste i 6 timar før undersøkinga. Elles ingen særskilte førebuingar.

Under

Ved undersøkinga må du liggje på rygg på ein benk med høgre arm opp, bak hovudet. Eit instrument vil haldast mot huda di på høgre sida av magen i området der levra er. Det blir brukt ein gel som kjennest litt kald. Målingane vil komme opp på ein skjerm ved sida av deg. Det vil gjerast fleire målingar etter kvarandre for å få ein gjennomsnittsverdi som legen vil bruke i vurderinga av tilstanden til levra di.

Undersøkinga er smertefri og ufarleg. Du vil berre kjenne eit lett trykk akkurat der instrumentet treffer huda di.

Etter

Ingen omsyn å ta. Det er vanleg å få resultatet med det same.

Sist faglig oppdatert 09.04.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Gastromedisinsk poliklinikk

Kontakt Gastromedisinsk poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

Om timen din på sjukehuset (endring/avbestilling) - Helse Fonna HF

Ein stor bygning omringa av mange hus

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

På helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Har du time hos oss, må du ta med ei oversikt over medisinane du bruker. Lista bør innehalde namn på medisinen, dosen, kor ofte du tek han, og om medisinen er fast eller ved behov.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontantar. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar i toppetasjen på parkeringshuset. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelinga dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland