Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Brot i fingrar eller handa kjem som regel av direkte slag eller fall. Brot kan også skje dersom handa eller fingrane blir klemde.
Ved eit brot oppstår det smerter og hevelse med éin gong. Vi tek røntgenbilete for å stadfeste diagnosen.
Brot i fingrar eller i handa kan ofte behandlast med gips. Målet med gipsbehandlinga er at brotet gror i rett stilling. Dette er viktig for å unngå seinare plager.
For å redusere hevelse og smerter skal du halde armen høgt i periodar, særleg dei første dagane. Forsøk å finne gode kvilestillingar på ei pute eller liknande. Legen vil gi deg råd om bruk av smertestillande.
Du må følgje med på om fingrane blir mindre bevegelege, meir hovne, misfarga eller kalde. Det kan bety at gipsen er for trong og må bytast. Ta kontakt med ortopedisk poliklinikk dersom du er i tvil. Du bør også ta kontakt dersom du har sterke eller aukande smerter.
Når du har gips, kan du bruke handa i lette daglege aktivitetar som av- og påkledning, personleg hygiene og lett husarbeid. Det er viktig at du beveger mykje på alle frie fingerledd for å halde oppe god sirkulasjon og rørsle. Hugs også å bevege olboge og skulder.
Gipsen må ikkje bli våt, og du må derfor verne han med plast når dette er nødvendig. Gipsen må skiftast dersom han blir øydelagd.
Brotet blir kontrollert på ortopedisk poliklinikk etter omlag 7 dagar. Då blir det teke nye røntgenbilete. Dersom brotet har endra stilling, kan det bli aktuelt å tilrå operasjon. Avsluttande kontroll er på ortopedisk poliklinikk etter 3 – 5 veker. Det blir teke røntgenbilete og gipsen blir fjerna.
Lege på sjukehuset gir deg sjukmelding dersom du har behov for det. Skal sjukmeldinga forlengjast, tek du kontakt med fastlegen din.
Etter at gipsen er fjerna, er det vanleg å oppleve nedsett rørsle og redusert styrke i fingrar og hand. Du skal byrje å bruke handa og fingrane med gradvis aukande belasting, men likevel innanfor smertegrensa. Ved behov kan du få rettleiing av fysioterapeut.
Øvingane under, bør du gjere fleire gonger dagleg, og gjerne kvar time til å byrje med. Du skal unngå å provosere fram smerter eller hevelse. Dersom du har problem med å utføre øvingane, blir du oppmoda til å ta kontakt med fysioterapeut på sjukehuset eller der du bur.






Alle foto: Sykehuset Østfold
Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.
Blir du transportert med ambulanse eller av portør, vil du automatisk bli registrert på akuttmottaket.
Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet på akuttmottaket.
Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund