Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
- Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
- Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det.
Andre førebuingar
- Smykke, ringar, klokker, neglelakk og piercing må fjernast.
- Brukar du faste medisinar, ønskjer vi at du tek med ei oversikt over kva du brukar (dose, mengd, styrke), og det er ein fordel at du tek med medisinane. Ved innkomst blir det avklart i samråd med lege kva medisinar du skal ta og ikkje ta, før og etter operasjonen. Dersom du brukar blodfortynnande medisin, bør det avklarast med lege før sjølve operasjonsdagen om du skal slutte å ta denne nokre dagar før operasjonen.
- Er du komen i overgangsalderen, kan opninga inn i livmorhalsen vere trong, og det kan vere behov for å bruke vaginalt østrogentilskot frå utgreiing og fram til operasjonen.
For kvinner i fertil alder er det viktig å avkrefte graviditet før operasjonen. - Du må rekne med noko ventetid på operasjonsdagen, ta gjerne med lesestoff og/eller musikk på hovudtelefonar.
