Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Dersom vevsprøver frå livmorhalsen din bekreftar mistanke om celleforandringar, anbefaler vi ein mindre operasjon for fjerning av den ytre delen av livmorhalsen. Når du har fjerna denne ytre delen av livmorhalsen, reknar vi med at du er ferdigbehandla for celleforandringar. Du skal likevel ha jamlege kontrollar i etterkant.
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det.
Konisering er ei skånsam behandling. Ein kjegleforma bit ytst på livmorhalsen blir fjerna med ei lita elektrisk slynge. Ettersom det blir danna eit sår, vil det vere ein viss risiko for bløding.
Etter inngrepet blir det nokre gonger lagt inn ein spesiell tampong i skjeden som avgrensar bløding. Denne fjernar du sjølv etter 4 timar, etter avtale med lege.
Om du skulle begynne å blø (meir enn ved vanleg menstruasjon), tar du kontakt med sjukehuset. Blødingsfaren er størst dei første dagane etter koniseringen. Du må også ta kontakt ved aukande smerter og/eller feber.
Konisering påverkar ikkje fertiliteten, og så lenge ein berre tar bort ein liten bit av livmorhalsen gir det ingen stor auke i risiko for prematur fødsel.
Biten som er skore bort blir send til undersøking. Du vil få informasjon om prøvesvar og skal til kontroll enten hos fastlege eller på sjukehuset 6 månader etter inngrepet.
Det vil bli tatt ei livmorhalsprøve etter seks månader. Om alt er normalt, er det 3 år til neste HPV-test.
Ta direkte kontakt med sjukehuset dersom du etter inngrepet får: