Behandling

Forebygging av fødselsrifter

Førebygging av rifter i området mellom vaginalinngangen og endetarmsopninga (perineum) i forbindelse med fødsel blir gjennomført for å unngå eller redusere skade på muskulaturen i bekkenbotnen og rundt endetarmsopninga. Slike skadar kan i nokre tilfelle påverke helsa og det psykososiale livet til kvinna negativt etter fødsel.

Førebygginga består i at du i samarbeid med jordmor/lege reduserer hastigheita som hovudet til barnet blir fødd med, heilt til slutt i utdrivingsfasen. Dette blir gjort ved at du pustar/trykker forsiktig, og jordmor/lege støtter perineum slik at hovudet og skuldrene kan bli fødd på ein skånsam, roleg og kontrollert måte.

Før

Når du kjem til fødeavdelinga for å føde, vil jordmor/lege informere om viktige føresetnader som må bli oppfylt for å kunne redusere hastigheita som hovudet til barnet blir fødd med, og korleis vi  kan optimalisere støtta av perineum.

Under

Korleis gjeng behandlinga føre seg?

Jordmor/lege ønsker å kommunisere med deg om dette på førehand og samarbeide godt og tydeleg med deg i slutten av trykkefasen. Når du føder, det vil seie under dei siste pressriene, er det ein fordel at du har ei fødestilling der jordmor eller lege kan sjå perineum, og aktivt bruke hendene sine til å støtte perineum. Dei kan då styre hastigheita som hovudet blir fødd med, og leie barnet forsiktig ut.

Ønsker du å stå og føde, får vi ikkje støtta perineum. Jordmor må enten stå ved sidan av deg eller framfor deg for å komme nær nok inntil deg slik at støtta blir effektiv, og vere «hands on».

Det er oftast to jordmødrer til stades i denne siste fasen for å hjelpe deg på best mogleg måte. Sjølv om hastigheita blir redusert og perineum blir støtta, kan det likevel komme rifter.

Ved operative forløysingar (vakuum og eller tong) og nokre spontane fødslar vil vi vurdere om du eller babyen vil ha ein fordel av at det blir anlagt ein episiotomi – eit klipp. Klippet kan framskynde fødselen noko med tanke på barnet og i enkelte tilfelle avlaste perineum og redusere faren for rift ned mot eller i endetarmsmuskulaturen.

Område rundt vaginalinngangen er noment i dette stadiet av fødselen, men du vil få lokalbedøving før vi klipper, og ytterlegare lokalbedøving for å sy klippet etter fødsel ved behov.

Gjer det vondt?

Dei siste trykkriene i fødselen – når hovudet skal ut av skjeden – er alltid vonde og ubehagelege. At vi bremsar hastigheita som hovudet blir fødd med og støtter perineum, vil kanskje gjere at fødselen varar nokre minutt lenger.

Du får lokalbedøving før vi klipper episiotomi og alltid før vi syr, enten ved å sette ei sprøyte eller med spray.

Skulle det oppstå «normale» rifter, får du lokalbedøving før riftene blir reparert av jordmor straks etter fødsel på fødestova. Skulle det oppstå ei meir «alvorleg» rift, blir du flytta til operasjonsavdeling, der du får narkose eller påfyll på epiduralbedøvinga, og rifta blir reparert av ein spesialist i fødselshjelp.

Kor lang tid tar behandlinga?

Den perioden vi aktivt støtter perineum og leier hovudet og kroppen fram, tar omtrent 10–15 minutt.




Etter

«Normale» ukompliserte rifter blir kontrollert hos eigen lege/jordmor på 6 vekers kontroll. Alvorlege rifter blir følgt opp av spesialisthelsetenesta. Plan for oppfølging blir avtalt ved utreise. 

Kontakt

Haugesund sjukehus Føde og barsel Haugesund

Kontakt Føde og barsel Haugesund

Oppmøtestad

3. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. Gå gjennom dei doble dørene ved Narvesen og ta heis eller trapp opp til vår avdeling.

Besøkstider og retningslinjer for besøk

  • Barnefar: kl. 09.00 - 21.00
  • Barnets søsken og besteforeldre: kl. 17.00 - 18.00

Andre besøkande er av omsyn til mor og barn, ikkje tillate i avdelinga.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

 

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.