Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Foten består av 26 knoklar og mange samband med ledd. Ledda blir samla haldne av kraftige leddband, og aktiv funksjon i foten blir tekne hand om av sener og musklar frå legg og fot. Ei rekkje nervar og blodkar som spring i lengderetninga av foten, forsyner foten med blod, kjensle og signal til den finare muskulaturen til foten. Anatomien til foten er fininnstilt, og smertefri funksjon er avhengig av minst mogleg avvik i denne anatomien.
Brot eller skadar i foten kan oppstå isolerte, eller som ledd i høgenergiskadar der også andre delar av kroppen blir skadde. I nokre tilfelle vil skadane oppstå som følgje av lang tids overbelasting av knokkelvevet, og det kan oppstå trøyttleiksbrot. I det siste tilfellet vil det vere viktig å vere medvite desse potensielle skadane, då dei lett kan oversjåast, og det er også viktig at pasienten gjer helsepersonell merksam på symptom som kan gi mistanke om slike skadar.
I nokre tilfelle vil skadane oppstå som følgje av lang tids overbelasting av knokkelvevet, og det kan oppstå trøyttleiksbrot Slike skadar vil som oftast fastlegen kunne starte utgreiinga av, og endar som oftast til vurdering på ein ortopedisk poliklinikk for å vurdere behovet for ytterlegare operativ behandling.
Ved skade i foten, vil ein under utgreiing kartleggje kvar skaden har oppstått, omfanget av skaden og kva behandling som er aktuell for skaden. Ofte vil skadeomfanget avklarast med ei CT-undersøking av foten.
Ein luksasjon vil seie at eit ledd ikkje lenger ligg anatomisk riktig, og kan finnast i alle delar av foten. Somme luksasjonar krev mykje energi for å oppstå, og er såleis alvorlege skadar. Det er viktig at leddet blir sett på plass så fort som mogleg, og krev i mange tilfelle kirurgisk behandling innan få timar.
Luksasjonar kjem av skadar av leddband, ofte med samtidig skade av knoklar og ledd. Ser ein det nødvendig, må ein i ein del tilfelle også behandle følgjande brot, og i nokre tilfelle er det nødvendig å fusjonere ledd som er sterkt skadde.
I alle knoklane i foten kan det i utgangspunktet oppstå brot, men ikkje alle treng kirurgisk behandling. Her følgjer ei oversikt over ulike typar brot og mogleg behandling:
Om ein skade skal behandlast med operasjon, avheng ikkje berre av skaden, men også individuelle forhold. Dårleg sirkulasjon i beinet som følgje av røyking og diabetes, manglande evne til samarbeid, eller låge krav til funksjon, trekkjer i retning av ikkje-operativ behandling.
Bindevevet i foten er svært lausmaska, dette tillèt store hevelsar i foten ved skadar. Dersom det er ein skade som skal opererast, er det viktig at hevelsen er tilstrekkeleg under kontroll før operasjon. Dette inneber:
Ved operasjon skal du faste frå midnatt før operasjonsdagen. Det vil seie at du ikkje kan ete, røykje, bruke snus, tyggje tyggjegummi eller pastillar. Du kan og bør drikke klare væsker (vatn eller saft), men ikkje mjølkeprodukt og jus, fram til 2 timar før operasjonen.
Dersom ein ved kirurgisk behandling set inn metall eller anna framandmateriale, vil ein gi antibiotika før, under og etter operasjonen for å hindre infeksjon.
Ein skade som ikkje treng operasjon, vil likevel trenge adekvat behandling:
Etter behandling med operasjon vil dei fleste følgjast opp etter standardiserte rutinar:
Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.
Blir du transportert med ambulanse eller av portør, vil du automatisk bli registrert på akuttmottaket.
Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet på akuttmottaket.
Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund