Du må møte fastande, magesekken må vere heilt tom før undersøkinga.
- Ikkje ete eller drikke noko dei siste seks timane før undersøkinga
- Er du veldig tørste kan du drikke eitt til to glas vatn inntil to timar før undersøkinga. Etter dette kan du skylje munnen utan å svelgje noko.
Blodfortynnande medisinar
Bruker du blodfortynnande medisinar er det risiko for at det kan oppstå større blødingar enn normalt. Derfor er det ønskjeleg at du mellombels sluttar med blodfortynnande medisinar.
Les innkallingsbrevet eller meir informasjon på denne sida for å sjå kva for nokre blodfortynnande medisinar du må slutte med, og kor lang tid før undersøkinga du må gjere dette:
Har du diabetes og bruker insulin eller tek livsviktige medisinar som ikkje kan utsetjast, kan du kontakte oss for å få timeavtale tidleg på dagen. Gi oss beskjed om du er allergisk for nokre medikament.
Om du bruker faste medisinar, ta med ei oppdatert medisinliste til undersøkinga.