Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Gulsott hos nyfødde barn er ein vanleg og som regel ufarleg tilstand som oppstår hyppig. Dei fleste nyfødde blir litt gule i huda og inne på augekviten frå andre til sjuande dag etter fødselen. Det forsvinn som oftast av seg sjølv innan kort tid, og har ingenting med smittsam gulsott å gjere.
Dei fleste nyfødde barn som får gulsott, får det fordi leverfunksjonen enno ikkje er heilt moden. Vanlegvis fjernar levra vår det gule fargestoffet – bilirubin - frå blodet vårt. Det gule fargestoffet er eit avfallsstoff som kjem frå dei raude blodlekamane våre som ikkje er levedyktige.
Når raude blodlekamar døyr, blir blodfargestoffet hemoglobin frigjort og gjort om i levra til bilirubin, som blir fjerna frå blodet vårt via levra.
Fram til leverfunksjonen er moden vil det i dei første levedøgna skje ei opphoping av bilirubin i blodet. Det er då du ser gul farge i huda og i det kvite i auga på den nyfødde.
Dei fleste nyfødde som får gulsott, får det fordi leverfunksjonen ikkje er heilt moden enno. Det gule fargestoffet er eit avfallsstoff som kjem frå dei raude blodlekamane våre som ikkje er levedyktige.
Barn som er fødd for tidleg (premature barn) får oftare og kraftigare gulsott enn andre barn. Hos desse vil truleg gulsotta også vare lenger.
Dersom gulsotta er kraftig og kjem i første levedøgn, vil barnet bli kontrollert ved hjelp av blodprøvar og få tilpassa behandling om det er nødvendig.
Nokon gongar kan gulsott oppstå på grunn av for mange ikkje-levedyktige røde blodlekamar, der blodgruppene til mor og barn ikkje samsvarar med kvarandre. Som regel kan dette bli påvist ved hjelp av blodprøvar frå mor og barn.
Ein meir sjeldan og alvorleg form for gulsott kan oppstå når mor og barn har ulik rhesus-gruppe. Dette vil vere påvist før fødsel via blodprøver tatt frå mor i svangerskapet. Blodprøver tatt av mor og barn etter fødselen, vil bekrefte at blodet ikkje samsvarar.
Ein liten del av alle nyfødde vil få så høg konsentrasjon av bilirubin i blodet og bli så gule at det er behov for behandling. Det vanlegaste er lysbehandling som kan blir gjennomført på barselavdelinga.
Barn som får nyfødd-gulsott kan bli trøytte, slappe og lite villige til å die. Ved gulsott treng barnet mykje væske og du bør amme hyppig. Du kan gjerne late barnet liggje i dagslys, men ikkje i direkte sollys.