Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Brot i handleddet er ein vanleg brottype hos barn. Ung knokkel er framleis mjuk og svært tøyeleg, noko som gjer at den ofte berre brekker på den eine sida. Dei fleste handleddsbrot kan og bør behandlast med gips. Dersom brotet er feilstilt eller komplisert, kan operasjon vere den beste behandlinga.
Handleddsbrot er ein akutt skade og diagnosen blir vanlegvis stilt ved røntgenundersøking på legevakt. Legen viser til eventuell vidare til behandling på sjukehus.
Brotet gror godt med ein enkel gips eller skjene. Dei fleste av desse skadane blir heila utan problem ved gips- eller skjenebehandling i 3 veker. Skjena blir teken av ved dusjing, utan fare for brotet.
Barnet bør få smertestillande i form av paracetamol eller betennelsesdempande medisin (til dømes Ibux) i nokre dagar etter skaden.
Dersom barnet sjølv tek av skjena før det har gått 3 veker og synest å ha det bra med å bruke armen, treng ein ikkje å tvinge barnet til å bruke skjena vidare.
Dersom handleddet etter 3 veker framleis verkar sårt og hovent og barnet ikkje vil bruke armen, bør du kontakte ortopedisk avdeling for oppfølging.
Det er best å unngå sport og vilter leik medan gips eller skjene blir brukt, og dessutan i 1–2 veker etter at han er fjerna.
Under enkelte operasjonar av brot, blir det sett inn små pinnar for å halde brotet stabilt. Nokre av pinnane sit over, og nokre under huda. Pinnane skal sitje i 4–6 veker før dei blir fjerna på poliklinikken.
Ved mistanke om infeksjon skal du raskt kontakte sjukehuset. Teikn på infeksjon er:
Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.
Blir du transportert med ambulanse eller av portør, vil du automatisk bli registrert på akuttmottaket.
Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet på akuttmottaket.
Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund