Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hiv-behandling

Hiv blir behandla ved å bruke tablettar som senkar virusnivået i kroppen. Målet er å redusere virusnivået ditt så mykje som mogleg, det vil seie til det ikkje er påviseleg i blodet (hiv-rna 0). Hiv-behandling er viktig både for å redusere smittegrada og for å unngå at du sjølv utviklar immunsvikt og hiv-relaterte sjukdommar. Om du ikkje tar medisinane regelmessig eller stoppar heilt, vil viruset komme tilbake i blodet. Du må derfor ta tablettane kvar einaste dag livet ut.

Alle hiv-positive i Noreg blir tilbode behandling så fort diagnosen er stilt og vi har fått litt oversikt over deg og livet ditt.

Målet med hiv-behandlinga er å bremse produksjonen til kroppen av virus så mykje som mogleg. Om ein lykkast med å få virusnivået i blodet ned, noko dei aller fleste lykkast med, vil immunforsvaret bli tilnærma normalt igjen. Faren for hiv-relaterte sjukdommar og plager vil da vere veldig små.

Medisinar som blir brukte til å redusere virusnivået ved ein virusinfeksjon, blir kalla antivirale medisinar. Desse medisinane heilar ikkje virussjukdommen, men bremsar utviklinga av den. For å redusere virusnivået ved ein hiv-infeksjon, blir det brukt ein kombinasjon av fleire ulike antivirale medisinar.

Før

Hiv-behandling krev inga spesiell førebuing utover at du må innstille deg mentalt på å ta medisinar regelmessig livet ut. Regelmessig bruk er viktig for å unngå at viruset blir motstandsdyktig eller resistent mot medisinen.

Under

Moderne hiv-behandling er basert på ein kombinasjon av minst tre medisinar – såkalla kombinasjonsbehandling. Medisinane tar du heime. Behandlinga varer livet ut. Dei fleste greie seg i dag med 1–3 tablett(er) 1 gong dagleg, med eller utan mat. Dette er kombinasjonstablettar som inneheld fleire verkestoff i ein og same tablett. Ved kombinasjonsbehandling blir medisinar nytta frå minst to grupper av hivmedisinar (oftast 1 eller 2 NRTI + ein integrasehemmer).

Gjer det vondt?

Sjølve behandlinga gjer ikkje vondt, men du kan oppleve biverknader.

Biverknader

Til liks med alle andre medisinar kan hiv-medisinar gi biverknader, men biverknadene er som regel få og milde. Dei vanlegaste biverknadene er trøyttleik, svimmelheit, kvalme, oppkast, diaré, søvnproblem og hovudverk. Desse biverknadene minkar eller forsvinn som regel etter få veker.

Enkelte hiv-medisinar kan gi biverknader som oppstår først etter lengre tids behandling. Dersom biverknadene blir for vanskelege å handtere, kan du i dei fleste tilfelle byte ut eitt eller fleire av medisinane i kombinasjonsbehandlinga. Snakk med legen eller sjukepleiaren din om du opplever biverknader.

Du skal aldri avbryte hiv-behandlinga på eiga hand utan å konferere med behandlande lege.

Kor lenge varer behandlinga?

Det er gjort store framsteg i behandling av hiv, men sjølv livslang behandling kurerer ikkje infeksjonen. Personar som lever med hiv må gå regelmessig til kontroll for å sjekke at behandlinga verkar, at den ikkje forårsakar biverknader og for å få resept.


Etter

Hiv-behandlinga varer livet ut. Det er viktig å følge behandlingsopplegget nøye for å halde oppe eit best mogleg nivå av medisinen i kroppen, samtidig som det reduserer risikoen for resistensutvikling. Dersom det blir for lita mengde medisin i kroppen, vil ikkje lenger behandlinga hindre viruset i å formeire seg. Det kan føre til resistens, noko som inneber at medisinane ikkje lenger gir same effekt.

Om du tar medisinane kvar dag, er risikoen veldig liten for at viruset skal bli resistent.

Kontroll – oppfølging

Du må komme til kontroll jamleg i åra som kjem. I begynninga er det mange blodprøver, målingar og registreringar. Du treng også ein del informasjon og moglegheiter til å stille spørsmål. Det første halve året blir det derfor hyppige kontrollar.

Etter oppstart av hiv-behandling er det ofte kontroll hos sjukepleiar etter 4 veker og til legen etter 6 veker. Om du ikkje har fleire tilleggsproblem, held det ofte med kontroll 1–2 gonger per år.

Dei viktigaste blodprøvene er måling av virusnivået (=hiv-RNA) og talet på CD4-celler. Virusnivået angir mengda hiv-virus i blodet. Målet med behandlinga er å komme ned til eit ikkje-målbart virusnivå (hivrna 0). Det betyr ikkje at viruset er borte, men at virusnivået i blodet er så lågt at testen ikkje kan påvise det.

Talet på CD4-celler viser kor godt immunforsvaret fungerer. Når CD4-nivået er over 500, er det innanfor normalområdet. Det blir også tatt ein del andre blodprøver årleg som lever-/nyreprøver, og kolesterol.

 

Kva gjer eg dersom eg har gløymt å ta medisinane mine ein dag?

Det varierer litt med kva medisinar du bruker og står oftast detaljert i Spør om detaljar på apoteket når du hentar ut medisinen.

Kva gjer eg når eg treng ny resept?

Du må alltid sørgje for at legen sender e-resept til apoteket når du er på legekontroll. Som oftast får du resept for 1 år. Apoteket gir deg som oftast beskjed om at resepten må fornyast når du hentar ut dei siste 3 pakkane.

Må eg bestille time for å ta blodprøvar?

Ja, det må du. Sidan det er omkring 1700 hiv-pasientar som går til kontrollar hos oss, må vi ha eit system på dette. Det betyr at dersom du kjem for å ta rutineprøvar utan avtale eller rekvisisjon, får du antakeleg ikkje teke det den dagen.

Ver merksam

Om du ikkje tar medisinane regelmessig eller stoppar heilt, vil viruset komme tilbake i blodet. Du må derfor ta tablettane kvar einaste dag livet ut.

Forholdsreglar

Dei fleste med hiv-infeksjon står på behandling, har eit normalt immunforsvar og treng derfor ikkje å ta spesielle omsyn i kvardagen. For å vere best mogleg verna mot infeksjonar, er det lurt å ta imot vaksinar du får tilbod om.

Når du er i utlandet, er god handhygiene og vern mot myggstikk spesielt viktig. Det er også viktig at du varetar di eiga seksuelle helse på ein god måte. Lær deg detaljar om korleis syfilis, chlamydia og gonoré smittar, og korleis du kan verne deg mot å få det. Du bør også kjenne til kva symptom desse sjukdommane kan gi. Oppsøk lege så fort du får sår eller plagar som kan vere teikn på kjønnssjukdom.

Du kan også ha syfilis, klamydia eller gonoré utan å merke noko sjølv. Om du har eit aktivt seksualliv med fleire partnarar, bør du derfor teste deg jamleg (kvar 3.–6. månad), sjølv om du ikkje har plager. Vi sjekkar rutinemessig alle for syfilis og hepatitt B og C éin gong i året.

Om du ennå ikkje står på hivbehandling, er det spesielt viktig at du søker lege ved nyleg oppstått hudutslett, hudknutar eller synsforstyrringar. Det same gjeld langvarig feber, diaré, sår, belegg i svelget, tung pust eller uforklarleg vekttap. Dersom dette viser seg å vere AIDS er det heilt avgjerande at du kjem raskt i gang med behandling.

Sist faglig oppdatert 06.03.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Medisinsk poliklinikk, Haugesund

Kontakt Medisinsk poliklinikk, Haugesund

Oppmøtestad

Vi held til på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen opp til 5. etasje. Hold høgre når du går ut av heisen. Gå til ventesone 5A. 

Vi ber deg vente i ventesonen til du får tildelt behandlingsrom.  

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.