Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Ei hjernehinnebløding er ei bløding frå blodkar som ligg i væskerommet mellom hjernehinnene. Den vanlegaste årsaka er at ei utposing (aneurisme) på ei pulsåre i hovudet sprekk. Hjernehinnebløding blir også kalla subaraknoidalblødning.
Intrakranielt betyr innanfor hovudskallen. Eit intrakranielt aneurisme er ei utposing på ein av pulsårane av hjernen og finst hos 1 – 2 prosent av befolkninga. Ein veit ikkje sikkert kvifor eit aneurisme oppstår, men førekomsten er høgare hos kvinner, røykarar og hos personar med langvarig forhøgd blodtrykk. Førekomsten aukar med alderen, såleis har 10 prosent av 70-åringar og 20 prosent av 80-åringar eit aneurisme, men dei færraste aneurismer sprekk. Intrakranielle aneurismer førekjem som regel hos enkeltpersonar, utan andre tilfelle i slekta.
Symptoma kjem brått, oftast utan forvarsel.
Dei fleste opplever
Hjernehinnebløding kan vere ein livstruande tilstand.
Diagnosen blir stilt ved CT som gir detaljerte bilete av blødinga. Som regel vil ein sprøyte kontrast inn i ei blodåre på armen (CTA), som gir god framstilling av blodkar og sjølve aneurismet.
Det blir sett i gang akuttmedisinsk behandling så snart hjernehinnebløding er påvist.
Behandlinga av aneurismer som har blødd kan gjerast på ulike måtar. Behandlinga blir bestemt ut frå individuelle faktorar, som
Det er trygt å ta MR med både klips og koil. Det er heller ikkje noko problem i samband med flyreiser.
Hos enkelte vil det vere vedvarande problem med sirkulasjon av hjernevæske. Behandlinga for dette er å operere inn eit varig drenasjesystem (shunt) under huda som fører hjernevæska frå hjernen til bukhulen. Dette kan du fint leve med.
Etter reparasjon av aneurismet blir du overvakt på intensivavdeling og/eller på nevrokirurgisk overvaking, i omtrent 2 veker (spennvidd 2 dagar – 2 månader) der behandling og tidleg rehabilitering blir tilpassa kvar enkelt. Etterpå blir du skriven ut til lokalt sjukehus og vidare til heim, rehabiliteringsinstitusjon eller sjukeheim.
Det er veldig ulikt kor alvorleg funksjonstap ein får etter ein intrakraniell hjernebløding. I alvorlege tilfelle er ei slik bløding dødeleg. Mange treng langvarig rehabilitering etter det akutte sjukehusforløpet.
I rehabiliteringsfasen kan dei fleste leve utan spesielle restriksjonar. Det blir tilrådd gradvis opptrening alt etter det du orkar. Du kan til dømes gå daglege turar den første tida etter blødinga. Start med cirka 15 minutt og auk gradvis, etter dagsform. Etter kvart kan du ta opp att andre aktivitetar som du har vore vand til å gjere før blødinga.
Nevrologisk sengepost
Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.
Nevrologisk poliklinikk
Vi held til i 6. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund