Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Ei hjerneristing er ein lett hovudskade som kan oppstå om du får ein hardt slag eller støyt mot hovudet. Slaget mot kraniet gjer at hjernen bevegar seg inne i skallen. Det kan gi ubalanse i dei kjemiske stoffa og blodforsyninga i hjernen, og dessutan aktivere immunsystemet. Dette gjer at du kan oppleve akutte symptom på hjerneristing. Dei kan oppstå like etter slaget/støyten eller gradvis i løpet av nokre dagar. Dei fleste kjem seg i løpet av nokre veker, men hos nokon kan faktisk symptoma vare i fleire månader.
Det første døgnet etter eit kraftig slag mot hovudet er det ein minimal risiko for at det kan oppstå ei bløding i eller rundt hjernen. Det er derfor viktig at ein annan person kan halde auge med deg dei første 24 timane. Ein lege vil avgjere om det er behov for at du blir vekt i løpet av den første natta.
Om du opplever langvarige symptom, bør du snakke med fastlegen din om korleis du best kjem deg vidare. Avhengig av kva symptom du har, kan det vere behov for vurdering av andre fagpersonar. Dei kan hjelpe deg med å finne ut av kva den rette behandlinga er i nettopp din situasjon.
Du kan få hjelp til å handtere langvarige symptom fleire stader. Fastlegen din kan rettleie deg i kva moglegheiter som finst.
Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.
Blir du transportert med ambulanse eller av portør, vil du automatisk bli registrert på akuttmottaket.
Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet på akuttmottaket.
Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund