Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Hovudverk eller hovudpine er eit svært vanleg symptom. Som oftast er hovudpina ufarleg, og det blir ikkje påvist nokon underliggande sjukdom. Kva behandling du får avheng av diagnose.
Fastlegen tilviser deg til nevrolog dersom spesialistvurdering er nødvendig. Tilvisinga blir vurdert i løpet av 10 dagar
Når tilvisinga er vurdert og du har fått rett til spesialistvurdering, vil du få innkalling til ein poliklinisk konsultasjon. Du må føre hovudpinedagbok fram til konsultasjonen og svare på spørsmåla som ligger ved innkallingsbrevet. Spesielt er det viktig å ta med oversikt over legemidla du bruker og legemiddel du tidlegere har brukt mot hovudpine.
Nevrologisk utredning av hovudpine inneber ei kartlegging av din hovudpinehistorie, ein klinisk nevrologisk undersøking og nokon gonger andre tilleggsundersøkingar.
Det er sjeldan nødvendig med bildeundersøkingar (røntgen, CT eller MR) for hovudverk. Dei få gongene røntgenundersøkingar av hovudet er nødvendige, er viss hovudverkane kjem veldig raskt, kjem oftare og oftare, og vondare og vondare eller dersom du får andre plager samtidig.
Resultatet av utgreiing og plan for vidare oppfølging blir sendt i brev til fastlege og tilvisande instans.
Ved hyperakutt eller kraftig forverra hovudpine kan det vere behov for innlegging ved Nevrologisk eller Nevrokirurgisk avdeling. Dette skjer via fastlege eller legevakt.
Behandlinga består ofte av medikamentell behandling ut frå ei individuell vurdering. Ikkje- medikamentell behandling kan inkludere fysioterapi, kognitiv terapi og nevrostimulering.
Kva som er best for deg kan du og helsepersonell komme fram til saman. Dette blir kalla samval. Å vere med og bestemma er ein rett du har.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
Hovudregelen er vidare oppfølging hos fastlegen.
Ventetid: 12 uker
Kontakt Nevrologisk avdelingNevrologisk sengepost
Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.
Nevrologisk poliklinikk
Vi held til i 6. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund