Uavhengig av når hoftedysplasien blir oppdaga, kan du få ein samtale med fysioterapeut. Målet er å legge til rette for at barnet ditt har det best mogleg i behandlingsperioden. Fysioterapi krev ingen førebuingar.
Hofteleddsdysplasi – fysioterapi
Kontakt med fysioterapeut er ein del av oppfølginga av barn som blir for behandla hofteleddsdysplasi. Fysioterapeutens gir informasjon, rettleiing, praktiske tips, og legg til rette for rørsleutvikling.
Før
Under
Fysioterapeuten vil gi dykk
- informasjon om diagnosen.
- råd om korleis de kan handtere barnet i perioden med pute/skjene, da barnet blir meir «omfangsrikt» og meir uvant å handtere.
- rettleiing i bruk av skjene/pute/gips, og aktuelle hjelpemiddel.
- tips og råd om rørsleutviklinga til barnet, og korleis de kan legge til rette og stimulere barnet best mogleg i behandlingsperioden.
De kan også stille spørsmål og få svar på det de måtte lure på.
Fysioterapien medfører ingen smerter, men det varierer kor fort barnet blir vant med å bruke puta, skjena/gipsen. Dette kjem av at barnet ikkje får bevege seg slik det er vant til.
For at barnet skal kunne bevege seg så naturleg som mogleg i behandlingsperioden må omgivnadene leggast til rette. Ein måte å gjere det på er å bruke ei pute for å bygge opp under overkroppen i rygg- og mageleige. Det same gjeld i sideleie, men da bak rygg og sete. Det viktige er å sørge for at barnet får variasjon, for å få ei best mogleg rørsleutvikling.
Praktisk tilrettelegging kan innebere
- bilsete utan opphøgde kantar på sidene (anskaffing er ansvaret til den enkelte)
- reisestol som gir ei meir fleksibel sittestilling (for eksmepel MiniMonkey)
- vogn og vognpose som er brei nok med tanke på sprikestillinga
- saccosekk som gir ei meir fleksibel sittestilling med støtte
- rullebrett der barnet kan ligge på magen og bruke armane til å flytte seg
- rullestol med hevbare fotbrett/sprikeplate
Behovet for hjelpemiddel er som regel kortvarig (under 2 år) og noko kan lånast gjennom lokale hjelpemiddellager.
Behandlinga og hjelpemidla er elles avhengige av omfanget av dysplasien, og blir derfor tilpassa behovet til den enkelte.
Etter
Både under og etter behandling blir behovet vurdert for oppfølging hos fysioterapeut der de bur. Ved behov tar fysioterapeuten på sjukehuset kontakt med fysioterapeut lokalt.
Ofte stilte spørsmål
Nei. Av erfaring er barnet raskt tilbake på nivå med sine jamaldrande, sjølv om nokon treng litt stimulering og tilrettelegging i starten.
Ja. Det går heilt fint å ta av skjena for eksempel i samband med stell og bleieskift, sjølv om puta/skjena skal brukast mest mogleg kontinuerleg, for eit best mogleg behandlingsresultat. Den vedvarande sprikestillinga i hoftene blir varetatt av puta/skjena/gipsen, og er avgjerande for utviklinga og behandlingsresultatet frå hofta.
Nei. Det viktigaste er å følge det behandlingsopplegget de har avtalt med sjukehuset.
Pute/skjene og gips er i dag er den best dokumenterte behandlinga for medfødd og seint oppdaga hoftedysplasi. Vi har ikkje dokumentasjon som seier noko om effekten av å bruke øvingar som alternativ behandling.
Barn med pute/gips/skjene kan berast slik dykk sjølve kjenner er best, så lenge de gir god støtte under setet og knea.
Bereselar og beresjal kan nyttast, gjerne i samråd med fysioterapeut for å sikre at rett stilling i hofta blir varetatt.
Ja.
Kontakt
-
Kontakt Føde og barsel, Haugesund
Oppmøtestad
3. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. Gå gjennom dei doble dørene ved Narvesen og ta heis eller trapp opp til vår avdeling.
Besøkstider og retningslinjer for besøk
- Barnefar: kl. 09.00 - 21.00
- Barnets søsken og besteforeldre: kl. 17.00 - 18.00
Andre besøkande er av omsyn til mor og barn, ikkje tillate i avdelinga.
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Transport
Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.
www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)
www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland
Praktisk informasjon
Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.
Parkeringshuset har tre ladeuttak.
Reserverte parkeringsplassar
Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.
Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.
Parkeringsavgift
Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på p-automatane.
Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
Parkering i Haugesund sentrum
Sjå P-kart - Haugesund Parkering
Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.
På helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.
Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.
Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det.
Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.Kantina i 6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.
Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.
Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.
Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje
Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.
Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La verdisaker vere igjen heime.
Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.
Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, krykker, rullator og rullestol.
God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.
-
Kontakt Føde og barsel, Stord
Oppmøtestad
Dagtid i vekedagar:
Gå inn hovudinngangen ved Stord sjukehus. Avdelinga vår ligg i underetasjen (U1).
Kveldstid etter kl. 19.00, helg og natt:
Vi har eigen inngang til avdelinga som kan brukast når hovudinngangen til sjukehuset er stengt. Gå opp trappa til høgre for det interkommunale legevaktsbygget, og følg gangvegen heilt til døra. Dersom døra er stengt, ringer du på ringeklokka til venstre for døra. Vi kjem og hentar deg.
Besøkstider:
- Barnefar: kl. 09.00 – 21.00
- Søsken og besteforeldre: kl. 17.00 – 18.30
Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord
Transport
Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.
OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.
Praktisk informasjon
Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.
Måndag-sundag: 17.00-18.30
Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.
Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.
Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det.
Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.Publikumskantine finn du i underetasjen.
Opningstider:Måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Det er stengt i helger og på heilagdagar.
Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.
Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La verdisaker vere igjen heime.
Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.
Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, krykker, rullator og rullestol.
God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.
Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.
Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift.Det er innført skiltgjenkjenningssystem på Stord sjukehus. Du får tilsendt faktura frå ParkPay etter inn- og utkøyring.Pris for å parkere er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.Sjukehusområdet er røykfritt.
Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.