Diagnose
Hofteleddsdysplasi
Medfødd hofteleddsdysplasi betyr at hofteskåla er flatare enn normalt. Legghovudet på lårbeinet får mindre støtte og sjølve leddet blir ustabilt. Dette kan føre til at leddhovudet glir ut av leddskåla (hofteleddsluksasjon), og hofta dermed er ute av ledd. Ei flat hofteskål antar ein også disponerer for tidleg utvikling av slitasjegikt i hofteleddet.
Tilvising og vurdering
Alle barn blir undersøkt av barnelege etter fødsel på sjukehuset. Barn i risiko blir tilvist til ultralydsundersøking. Ved sikre kliniske funn og / eller unormale funn ved ultralydundersøking, vil ein starte med behandling.
Barn der ein seinare i første leveår (uansett om dei har vore nøye undersøkt som nyfødde) gjer funn som reiser mistanke om hofteleddsdysplasi, blir tilvist sjukehuset for undersøking.
Dei første 3-4 månader er ultralyd standardundersøking i tillegg til klinisk undersøking. Seinare undersøker ein barnet med røntgen i tillegg til undersøking av barnelege. Barn som blir tilvist, får vanlegvis time til undersøking i løpet av ein månad.
Utredning
Mange barn som er fødd med hofteleddsdysplasi vil bli normale utan behandling, men det kjem an på kor stabilt leddet er. Legen vil vurdere om dette er hofteleddsdysplasi som skal bli behandla eller ikkje. Om barnet har alvorleg hofteleddsdysplasi, kan det som nemnt føre til at leddhovudet glir ut av leggskålen og hoftekula bli liggande ute av ledd.
Då vil barnet halte når det begynner å gå. Dessverre er det ikkje alltid ein oppdager hofteleddsdyplasi hos nyfødde. Undersøking av hofta til barnet vil derfor alltid vere ein viktig del av legekontrollane på din lokale helsestasjon.
Behandling
Om barnelegen oppdagar at hofta let seg vippe ut av ledd ved undersøking, vil ein starte opp med såkalla «putebehandling» (Frejkas pute) før de reiser frå sjukehuset. Vidare instruksjon, behandling og oppfølging vil skje ved poliklinikk på sjukehuset.
«Frejkas pute»
Frejkas pute ser ut som ei stiv bleie med selar. Puta blir lagt mellom knea til barnet utanpå bleia og ei tynn sparkebukse / drakt. Puta held hofta bøygd og beina sprikar. I denne stillinga vil leddhovudet liggje stabilt i leddskåla, og leddskåla blir som oftast normal i løpet av tre til fire månader.
Puta skal vere så brei at ho fyller ut mellom knea når hofter og knea er bøygd i ein vinkel på 90 gradar. Ho skal vere så stram at beina sprikar, men så romsleg at de kan stikke eit par fingrar inn mellom beinet og puta. Då kan barnet bevege litt på låra. Det er viktig at låra ikkje sitt heilt fast.
Vanlegvis møter barn som har fått pute ved fødselen til enkel klinisk undersøking etter ei til to veker, først og fremst for å sjå at puta passar. Deretter er det ny undersøking ved seks vekers alder.
Litt over 2 prosent av alle nyfødde blir behandla med pute frå fødselen, medan i underkant av 1 prosent blir behandla frå 6 vekers alder. Putebehandling blir vanlegvis gitt tre månader, litt kortare for barn som først starter behandling ved seks vekers alder.
Barn som får starta behandling først ved 2-3 månaders alder blir vanlegvis behandla med ei plastskinne (hofteleddsorthose).
Nokre få barn må opererast, vanlegvis fordi leddhovudet i hofteleddet har blitt liggande utanfor leddskåla.
Oppfølging
Kva skal eg gjere når vi kjem heim?
Frejkas pute skal bli brukast heile tida, og berre bli tatt av under stell av barnet.
Unngå å løfte eller strekkje barnet etter beina og unngå å presse beina saman. Når de skiftar bleie og liknande, løftar du barnet med ei hand under setet. Lengda på barnet skal ikkje målast så lenge det bruker puta, og vi anbefaler ikkje babysymjing i denne tida.
Vi anbefaler at barnet ligg på rygg om det er fødd med hofteleddsdysplasi, men dei første to tre vekene etter fødsel kan de gjerne leggje barnet litt over mot sida ved å til dømes leggje eit samanrulla teppe bak den eine sida av ryggen og setet. De bør då veksle mellom høgre og venstre sideleie.
Om de skal kjøpe ny barnevogn må de unngå å kjøpe ei smal vogn. Det same gjeld for bilsete.
Oppfølging på sjukehuset
Same dag som puta blir tilpassa barnet, vil vi avtale tid for kontroll alt etter to til tre veker for å vere sikker på at puta fungerer bra. Deretter vil vi avtale kontroll når barnet er seks veker og når barnet er tre månader.
På tremånaderskontroll vil vi som regel ta ny ultralydundersøking i tillegg til vanleg legeundersøking. Om resultatet frå undersøkingane er normale, vil putebehandlinga bli avslutta. Då kallar vi inn til ei siste undersøking med vanleg legeundersøking og røntgenundersøking etter ytterlegare tre månader.
Nokon gonger er det naudsynt å forlengje putebehandlinga eller fortsette med ei skinne av plast (hofteleddsortose).
Oppfølging på helsestasjon
Som regel vil vi berre følgje opp barnet til det har vore utan pute eller ortose i tre til fire månader. Då sender vi eit brev til den lokale helsestasjonen der vi fortel om behandlinga barnet har fått, og ber om kontroll av hoftene på dei vanlege legekontrollane.
Sjølv om det er svært sjeldan seinfølgjer etter slik behandling, skal de som foreldre passe på at barnet ikkje haltar når det begynner å gå.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Føde og barsel Haugesund
Oppmøtestad
3. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. Gå gjennom dei doble dørene ved Narvesen og ta heis eller trapp opp til vår avdeling.
Besøkstider og retningslinjer for besøk
- Barnefar: kl. 09.00 - 21.00
- Barnets søsken og besteforeldre: kl. 17.00 - 18.00
Andre besøkande er av omsyn til mor og barn, ikkje tillate i avdelinga.
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund