Den første tida med nytt høyreapparat
Det er viktig å bruke prøveperioden godt. Bruk høyreapparata så mykje som mogleg og i ulike situasjonar. Noter deg dei utfordringane som oppstår. Stikkord her er lydane du høyrer og samtalane du har, men også korleis det er å setje dei på. Grada av komfort og om dei gir kløe eller smerte. Merk at du ikkje skal bruke høyreapparata om dei gjer vondt.
Mange som tek i bruk høyreapparat blir overraska over kor mange lydar dei høyrer. Kvardagslydar som ein kanskje ikkje har høyrt på lenge. Slike lydar kan verke forstyrrande, spesielt når det er vanskeleg å høyre kva folk seier. Då er det viktig å vite at slike lydar er spesielt viktig å høyre for ein med svekt høyrsel. Dei bidreg til å vekkje tankar og kjensler ein utan høyreapparata vil gå glipp av. Tankar og kjensler bidreg til auka hjerneaktivitet, noko som er viktig for hjernehelsa di. Det er ein viktig del av tilvenninga å bli trygg og van med alle lydane som er rundt oss.
Kontroll og oppfølging
Du blir følgt opp med høyreapparatkontrollar hos audiograf i utprøvingsperioden. Fortel audiografen om erfaringane dine på kontrolltimen. Kor mange kontrollar du treng, er avhengig av korleis utprøvingsperioden går.
Etter tildeling av høyreapparat kan du ta direkte kontakt med høyrselssentralen om du får problem med høyreapparatet, dersom du skal bestille time eller om det treng justering.
Har du fått høyreapparat hos ein privat audiograf eller avtalespesialist, må du kontakte denne spesialisten for servicetime.
NAV dekkjer utgifter til nye høyreapparat kvart sjette år. Audiografen din hjelper deg med søknad og vidare prosess.
Det er ditt ansvar å forsikre høyreapparatet.