Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Undersøking av høyrsel hos for tidleg fødde og barn på nyfødtintensiv

Høyrselsscreening ved hjelp av ABR (automatisert hjernestammeaudiometri)

Ifølgje nasjonal anbefaling skal alle nyfødde barn få tilbod om høyrselsscreening. Det gjer vi for å kunne oppdage medfødd høyrselstap og sette i verk tiltak så tidleg som mogleg.

Screeninga blir utført før heimreise for fullborne barn. På eit prematurt barn blir høyrselsscreeninga utført når barnet er nådd 34 veker i svangerskapsalder.

Vi følgjer den nasjonale tilrådinga Screening av høyrsel hos nyfødde - Helsedirektoratet

Før

Kva for målingmetode for høyrselsscreening som skal utførast, er avhengig av om det er eit friskt nyfødd barn, eit barn som sjukt eller prematur fødd.  ABR (automatisert hjernestammeaudiometri) blir utført på premature og barn som har lagt > 48 timar på ein nyfødtintensivavdeling.

Under

Vi set ein liten propp inn i øyregangen til barnet. Den inneheld ein mikrofon og høgtalar. Høgtalaren sender klikkelydar inn i øyret. Ved bearbeiding av klikkelydane blir det generert ein lyd i det indre øyret som vi måler via mikrofonen.

Målinga er smertefri. Vanlegvis er den rask, men den krev at barnet ligg i ro. Det kan vere vanskeleg å få ein godkjend test viss barnet har sonde, har oksygen på nasekateter eller andre former for pustestøtte som kan forstyrre testen.

Hørselscreening av nyfødt baby
Hørselscrrening av nyfødd baby

 

Etter

Barn som ikkje passerer testen, eller av ulike grunnar ikkje kan få utført testen, blir tilvist til audiografisk utgreiing og oppfølging ved høyrselssentralen. Det gjeld også barn som har auka risiko for å utvikle høyrselstap seinare.

Sist faglig oppdatert 09.02.2024

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Haugesund: ØNH-avdelinga og høyrselsentralen held til i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Bruk hovudinngangen og gå forbi resepsjonen og sjukehusapoteket. Du finn oss i enden av korridoren.

Stord: Høyrselsentralen ligg i 1. etasje i den kvite bygningen ved sida av hovudbygget til Stord sjukehus.

Odda: ØNH-poliklinikken ligg i 1. etasje på Odda sjukehus. Poliklinikken har eige venterom.

Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland