Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Vi behandlar vanlegvis tjukktarmskreft med operasjon, anten open eller ved kikolsteknikk. Då fjernar vi den delen av tarmen der svulsten er og lymfeknutane som ligg rundt. I nokre tilfelle er det nødvendig å leggje ut tarmen (stomi), anten permanent eller mellombels.
I forkant av operasjonen blir du innkalla til førebuingar på poliklinikken. Her får du snakke med lege/operatør og eventuelt stomisjukepleiar. Nokre pasientar skal også gjennomføre rektoskopi og/eller koloskopi eller andre undersøkingar. Rektoskopi er ei undersøking av endetarmen, og koloskopi undersøkjer heile tjukktarmen. Er dette aktuelt for deg, vil det stå meir om dette i innkallinga. Det er ein sjukepleiar til stades under undersøkinga. Det er også fleire sjukehus som tilbyr samtale med fysioterapeut og ernæringsfysiolog i forkant av operasjonen.
Dersom operasjonen fører til at du får stomi, tilbyr nokre sjukehus samtale med stomisjukepleiar eller annan erfaren sjukepleiar. Du vil då få meir detaljert informasjon om mellom anna korleis ein stomi blir laga, korleis han fungerer, og korleis det kan vere å leve med han. Vi markerer kvar stomien skal plasserast på magen, når det gjeld klede og kroppsfasong.
Det kan ta tid å komme seg etter ein større operasjon og det er derfor lurt å tenkje gjennom kva behov og moglegheiter du har for å få hjelp når du kjem heim. Dersom det i løpet av sjukehusopphaldet blir behov for heimetenester eller rehabilitering, hjelper vi deg med å søkje om dette. Dersom du har heimetenester frå før, bør du gi beskjed om når du skal opererast.
Om du bruker blodfortynnande medisinar får du informasjon om kva du skal gjere. For å førebyggje blodpropp får dei fleste pasientar ei blodfortynnande sprøyte i underhuda på magen kvelden før operasjonen. Dette held du fram med i 4 veker etter operasjonen. Anestesilegen informerer deg om kva medisinar du skal ta på operasjonsdagen.
I nokre tilfelle skal du tømme tarmen før operasjonen. Dersom dette gjeld deg får du beskjed før operasjonen.
Kvelden før operasjonen, og same morgon, bør du nyte ein spesiell type næringsdrikk. Dette vil du få informasjon om i god tid før operasjonen.
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Fram til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.
Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om.
Røyking og dagleg inntak av alkohol gir auka risiko for komplikasjonar etter operasjonen. Røyking kan mellom anna forseinke heling av såret. Dersom du røykjer, bør du vurdere å slutte eller kjøpe røykjeplaster for bruk i tida rundt operasjonen.
Dersom du blir sjuk før operasjonen, ta kontakt med avdelinga du skal leggjast inn på. Dette gjeld også dersom du blir forkjøla, er tett i nasen eller brystet. Då kan det hende operasjonen din må utsetjast.
Du må rekne med ei liggjetid på sjukehuset i 3 - 7 dagar etter operasjonen.
På operasjonsdagen blir du trilla til operasjonsavdelinga. Her møter du operasjonssjukepleiar og anestesisjukepleiar som skal passe på deg under operasjonen. Dersom du blir operert med open operasjon får du eit epiduralkateter i ryggen. Det vil bli brukt til smertestillande under operasjonen og dei første dagane etter operasjonen. Vi legg også inn eit blærekateter som gjer at vi kan følgje med på urinproduksjonen. Anestesilegen vil gi deg narkose/bedøving under operasjonen.
Etter operasjonen blir du overvaka du på avdelinga for oppvaking. Deretter blir du overført til sengeposten.
Det er normalt å ha litt smerter etter ein operasjon, spesielt når du beveger deg. Du får smertestillande tablettar, og i nokre tilfelle smertestillande i epiduralkateter. For å få til god smertebehandling er det viktig at du gir oss tilbakemelding når du har smerter. Etter å ha blitt operert i tarmen kan du føle deg kvalm på grunn av låg aktivitet i tarmen i starten. Du vil bli tilbode medikament som stiller kvalmen, om dette skulle gjelde deg.
Det er mogleg å vere fysisk aktiv kvar dag sjølv om du nyleg er operert, når du får god smertelindring. Å vere aktivitet er svært viktig for at du skal komme deg opp raskt etter operasjonen. Allereie operasjonsdagen skal du ut av senga og eventuelt sitje oppe. Pleiarar og fysioterapeut vil følgje deg opp så lenge du er innlagd på sjukehus.
Å ete mat er viktig for å få i seg nok næring og bidreg også til god munnhygiene. Dersom du har gått ned i vekt på grunn av sjukdommen din, får du tilbod om å snakke med ein ernæringsfysiolog. Det er viktig med munnhygiene og tannpuss, fordi dette bidreg til å førebyggje tørre slimhinner og at det dannar seg sopp i munnen. Tyggjegummi stimulerer tarmaktiviteten, samtidig som det aukar spyttmengda i munnhòla.
Dag 1
Dag 2 og 3
Om du har fått stomi, vil postsjukepleiar tilpasse stomi-utstyret til deg og behova dine, og lære deg korleis du skal bruke utstyret.
Dersom du har barn som pårørande vil kreftsjukepleiar hjelpe deg med korleis du kan informere dei under behandlinga. Det er ein kreftkoordinator i alle kommunar, som har tilbod til deg og dine pårørande. Ta gjerne kontakt med oss for hjelp til å koordinere tenesta, eller ta kontakt med kreftkoordinator i heimkommunen din.
Vanlegvis kan du dra heim 3 - 7 dagar etter operasjonen. Du blir skriven ut når smertestillande tablettar gir god smertelindring og du er i stand til å komme deg inn og ut av senga sjølv. Du må ete og drikke tilfredsstillande og du skal ha hatt luftavgang eller avføring. Dersom du har fått stomi (utlagd tarm), skal du vere trygg på å handtere denne før du reiser. Vi ordnar med blå resept på stomi-utstyr og bestiller dette hos bandasjist eller apotek, før du reiser heim. Operasjonssåret skal sjå fint ut. Før du reiser heim, skal du ha samtale med lege og sjukepleiar. Det er vanleg å vere sjukmeld i 2 - 6 veker, utover dette etter vidare avtale med fastlege.
Når du kjem heim er det viktig at du aukar aktiviteten gradvis og prøver å leve så normalt som mogleg. Du kan bere inntil 6 kilo dei første 6 vekene etter operasjonen, deretter gradvis auke. Du bør unngå tunge løft og hard trening (til dømes situps) dei første åtte vekene. Fysisk aktivitet som å gå tur og næringsrik mat er bra for at såret skal gro, og for å kome tilbake til same funksjonsnivå som før operasjonen.
Klipsa i operasjonssåra skal du fjerne hos fastlegen din 12- 14 dagar etter operasjonen. Dersom du har strips på såra skal desse sitje på så lenge du får beskjed om det, eller til dei losnar av seg sjølve.
Det er vanleg å møte til kontroll på kirurgisk poliklinikk om lag 4 veker etter operasjonen. Der får du svar på prøvar tekne frå vev under operasjonen og informasjon om vidare opplegg for behandling dersom det er aktuelt. Dersom du har fått stomi, vil du få kontrolltime på kirurgisk poliklinikk hos stomi-sjukepleiar 3-4 veker etter du har reist heim, men tidlegare dersom det er behov for det. I nokre tilfelle er det grunnlag for å gi cellegift etter operasjon for kreft i tjukktarmen, for å førebyggje tilbakefall av kreftsjukdommen. Dersom dette er aktuelt for deg, får du vite det på første kontroll.
Dersom du etter heimkomsten skulle få teikn på infeksjon (sår, urin- eller luftvegsinfeksjon er) eller aukande plager frå magen (til dømes oppkast eller fråvær av avføring) skal du ta kontakt med fastlegen din.
Gastrokirurgisk poliklinikk hald til i 1. etasje på Haugesund sjukehus.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund