Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Alle barn vil i løpet av oppveksten gå gjennom ulike undersøkingar og behandlingar, for eksempel å få vaksine, behandle sår eller å ta blodprøve. Dersom barnet ditt har ein sjukdom, må det kanskje gå gjennom fleire undersøkingar og behandlingar som kan vere smertefulle og/eller som framkallar angst både hos foreldre og barn. Her får du nokre råd som kan vere med på å gjere slike situasjonar mindre smertefulle og angstframkallande.
Når barn er i ein situasjon som framkallar stress og angst vil dei søke hjelp hos foreldra sine for å forstå kva som skjer og korleis dei skal handtere situasjonen. Forsking viser at sjølv enkle ting som foreldre seier eller gjer, kan påverke opplevinga til barnet av smerte. Undersøkingar og behandlingar som vaksne synest er ufarlege/uproblematiske, kan for barn vere veldig skremmande.
Hugs at all smerte er fysisk og psykisk, og smerteopplevinga blir styrt av hjernen. Kjensler og tankar kan derfor både auke og redusere smerteopplevinga.
Dersom dette ikkje er tilstrekkeleg, kan vi gi ein avslappande medisin eller lystgass. I sjeldne tilfelle legg vi barnet i narkose.
Bruk tid på å fortelje at du vil vere til stades og at du og legen/sjukepleiaren er der for å hjelpe.
Usikkerheit og misforståingar kan forverre opplevinga av smerte. Det er derfor viktig at du prøver å finne ut kva slags tankar barnet gjer seg om det som skal skje og kva han/ho er redd for eller fryktar mest.
Dersom barnet spør om det vil gjere vondt, svarer du at det kan vere ubehageleg eller litt vondt, men at vi vil gjere alt vi kan for at det skal bli så lite vondt som mogleg.
La gjerne barnet velje kva bamse eller leike det vil ha med under undersøkinga eller behandlinga, om han/ho skal sitte aleine på ein stol, i fanget ditt eller ligge i ei seng. Barnet kan likevel ikkje avgjere om vi skal gjennomføre undersøkinga eller behandlinga.
Det er veldig viktig for opplevinga til barnet av smerte (og seinare sjølvkjensle og åtferd) at foreldra viser tillit til at barnet vil meistre ein vanskeleg situasjon. Gi tydeleg uttrykk for dette.
Ver merksam på eige ansiktsuttrykk og kroppsspråk. Kjenner du at du begynner å miste kontrollen, fokus på å puste djupt og roleg. Roa di er viktig for å roe barnet ditt.
Vi vil gjerne ha kjennskap til dine og barnets erfaringar med tidlegare undersøkingar og behandlingar. Vi kjenner undersøkinga/behandlinga, du kjenner barnet ditt. Saman kan vi legge ein plan for korleis vi løyser oppgåva på ein best mogleg måte.
Dei minste barna kan sitte på fanget. Forsøk å oppmuntre barnet til å samarbeide med personalet. For mykje trøyst signaliserer til barnet at det som kjem til å skje er noko å vere redd for.
Forsøk å uttrykke deg positivt. Sei for eksempel «du klarer det» i staden for «du treng ikkje å vere redd».
Nokre barn vil sjå på, andre vil ikkje. Nokre barn vil høyre ei historie, andre vil blåse såpebobler eller sjå på eit nettbrett.
Mange barn liker å fantasere, noko som kan bidra til at det klarer å gjennomføre undersøkinga eller behandlinga. Det kan vere ei form for fantasireise. Ei fantasireise er ei forteljing som du startar og som barnet kan delta i. Det kan vere ei reise til ein stad barnet liker seg veldig godt, ønsker å reise til eller ei verd barnet er opptatt av.
Be barnet gå i detaljar og beskrive kva det opplever (fargar, stemmer, lyder, lukter, smak og kjensler). Bruk gjerne humor. Personalet hjelper også gjerne til.
Hvilket kroppsspråk bruker du for å få barnet ditt til å smile?
«Tenk om du er Supermann, og dette er ei styrkeprøve»
«Kva kake skal eg bake til bursdagen din?»
«Trekk pusten djupt!»
«Skal vi spele Angry Birds?»
«Vil du synge ein song?»
«Skal vi dra innom leikeplassen på veg heim?»
«Hugsar du da vi var på ferie…?»
«Oppfør deg!»
«Nå er dei snart ferdige!»
«Er du ferdig?»
«Eg veit at det er vondt!»
«Eg synest også at dette er forferdeleg/fælt!»
«Eg kjøper ei gåve til deg om du sit stille»
«Ikkje ver redd!»
Negative eller positive tankar? Nedanfor viser vi nokre eksempel på vanlege negative tankar og korleis dei kan snuast til positive tankar:
Ros barnet for å ha klart å gjennomføre undersøkinga eller behandlinga. Fortel kor stolt du er og kor flink barnet ditt har vore. Vi har også ein liten premie som ventar.
Vi som jobbar med barn og ungdom gir gjerne råd dersom du lurer på korleis du skal forhalde deg under undersøkinga eller behandlinga som barnet ditt skal gå gjennom.
Innhaldet på denne sida er basert på informasjon frå Videnscenter for Børnesmerter ved Rigshospitalet i Danmark, og godkjent for bruk i Noreg.