Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Immundempande behandling ved autoimmun sjukdom

Rituksimab (Mabthera, Rixaton) er biologisk medisin som blir brukt mot autoimmune sjukdommar som leddgikt, vaskulittar, revmatiske bindevevssjukdommar og multippel sklerose (MS). Rituksimab bind seg til ein type kvite blodlekamar (B-lymfocyttar), og gjer at desse cellene blir fjerna frå blodbanen. Dette fører til at den skadelege betennelsesaktiviteten blir dempa eller stansar. Vanlegvis kjem effekten av behandlinga i løpet av 6-12 veker.

Behandlinga blir vurdert for pasientar med aktiv sjukdom som ikkje har fått tilstrekkeleg effekt av, eller ikkje toler annan type behandling, eller som første behandling ved betennelsestilstandar som kan gi varig, alvorleg organskade. 

Tilvising og vurdering

Det er revmatolog som følgjer deg opp, og som vil vurdere om du skal behandlast med Rituksimab.

Før

Under

Etter

Ver merksam

Biverknader 

Dei vanlegaste biverknadene er tendens til luftvegsinfeksjonar som biholebetennelse, bronkitt og eventuelt lungebetennelse. 

Ta tidleg kontakt med fastlegen din dersom du har symptom på infeksjon. 

Ved mistanke om biverknader som feber, teikn på blødingar i huda (blåflekker) eller nasebløding, skal du ta kontakt med lege. 

Generelle reglar ved medisinbruk 

Opplys alltid helsepersonell om at du får behandling med rituksimab. 

Operasjonar og tannbehandling 

Dersom du skal ha ein operasjon eller tannbehandling må du informere kirurgen eller tannlegen om at du får behandling med rituksimab. 

Vaksinasjon 

Vi anbefaler at dei som bruker rituksimab tar vaksinar mot influensa og koronavirus på hausten og lungebetennelsesvaksine (Pneumovax) kvart 6. år. Vaksinane kan settast hos fastlege eller vaksinasjonskontor. Du kan ikkje ta levande vaksinar når du bruker rituksimab.  

Svangerskap 

Rituksimab kan brukast fram til du blir gravid, og ved alvorleg sjukdom hos mor kan ein vurdere å bruke det i første trimester. Det er ikkje vist nokon skade på fosteret ved behandling med rituksimab, men dersom mor får rituksimab i andre eller tredje trimester kan barnet bli fødd med forbigåande lågt nivå av B-celler. Vi anbefaler å vente to veker etter fødsel med ny oppstart med behandling etter fødsel. Det er ingen haldepunkt for at det er farleg å amme etter rituksimab-behandling. Det er heller ingen haldepunkt for at menn skal ta nokre forholdsreglar i samband med befruktning. 

Meir informasjon 

Du kan ta kontakt med fastlegen, apoteket og poliklinikken som gir deg behandlinga. Du finn også informasjon på Felleskatalogen.no og rituximab (legeforeningen.no). 

Sist faglig oppdatert 04.12.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Medisinsk poliklinikk, Haugesund

Kontakt Medisinsk poliklinikk, Haugesund

Oppmøtestad

Vi held til på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen opp til 5. etasje. Hold høgre når du går ut av heisen. Gå til ventesone 5A. 

Vi ber deg vente i ventesonen til du får tildelt behandlingsrom.  

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.