Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling med infliximab

Infliximab er ein biologisk medisin retta mot tumor-nekrose-faktor-alfa (TNF-alfa) og verkar på betennelsesprosessar i kroppen. Medikamentet blir brukt mot psoriasis, psoriasisartritt, Crohns sjukdom, ulcerøs kolitt og revmatoid artritt. Verknaden på hudforandringane kan komme relativt raskt, ofte i løpet av 2–4 veker.

Før

Før kvar behandling må du ta blodprøver. Bruk blodprøverekvisisjonen du har fått tilsendt. Dei same prøvene blir tatt kvar gong.

  • Blodprøvene tar du 2–3 dagar før planlagt behandling.
  • Dersom du tar blodprøvene på eit lokalt legekontor, og desse skal bli sendt til eit laboratorium eller sjukehus, må du ta prøvene fire dagar før.
Blodprøvene gir oss viktig informasjon når det gjeld om du skal ha behandling eller ikkje. Dersom du ikkje har tatt blodprøvene, kan vi dessverre ikkje gi deg behandling.

Du skal ta med deg urinprøve til kvar behandling.

I avdelinga vil det bli tatt blodtrykk, puls og temperatur.

Under

Ved første infusjon får du ein informasjonssamtale med lege eller sjukepleiar. Du vil bli spurd om helsetilstanden din, om du har eller nyleg har hatt noka form for infeksjon, om du nyleg har gjennomført eller har planlagt kirurgiske inngrep, antibiotikabehandling, tannbehandling og om blodprøver er tatte. Vidare vil du få informasjon om forventa effekt av behandlinga og typiske biverknader av medikamentet. Det vil samtidig bli utført leddteljing. Det vil seie at vi sjekkar ledda dine for hevelse og smerte.

Etter samtalen vil du bli beden om å gjere ei eigenregistrering av sjukdomsaktivitet i eit dataprogram som heiter GTI.

Ved første gongs infusjon tar behandlinga cirka 2 timar. Seinare infusjonar tar cirka 1 time.

Behandlinga blir gitt av sjukepleiar mens du sit i ein eigen behandlingsstol. Du vil først få lagt inn ein venekanyle i ein av blodårane dine på hand eller arm. Deretter blir medisinen gitt i flytande form gjennom venekanylen. Blodtrykket vil bli målt før behandlinga startar og kanskje undervegs i infusjonen. Når infusjonen er ferdig blir venekanylen tatt ut.

Etter

Etter første infusjon oppfordrar vi alle pasientar til å opphalde seg i nærleiken av behandlingsrommet i cirka 30 minutt før heimreise. Dersom du ikkje kjenner ubehag etter første infusjon, treng du ikkje å gjere dette ved seinare infusjonar om forma kjennest fin.

Du får med deg ein ny timeavtale etter kvar behandling.

Sist faglig oppdatert 13.01.2022

Kontakt

Haugesund sjukehus Medisinsk poliklinikk, Haugesund

Kontakt Medisinsk poliklinikk, Haugesund

Oppmøtestad

Vi held til på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen opp til 5. etasje. Hold høgre når du går ut av heisen. Gå til ventesone 5A. 

Vi ber deg vente i ventesonen til du får tildelt behandlingsrom.  

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.