Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Zometa

Infusjonsbehandling med zoledronsyre ved brystkreft

Nokre pasientgrupper som er behandla for brystkreft, får tilbod om behandling med Zometa. Behandlinga blir gitt kvar 6. månad, vanlegvis i 5 år. Første behandling skal normalt sett givast innan 6 månader etter brystkreftoperasjon.

Forsking viser at behandling med Zometa vil redusere risikoen for tilbakefall av brystkreftsjukdom, samtidig som at risikoen for beinskjørheit blir redusert.

Før

Før du startar behandling med Zometa, bør du bestille deg ein tannlegetime for å undersøke tenner og kjeve. Du bør unngå tannbehandling under behandling med Zometa.

Før første behandling med Zometa må du ta blodprøver. Blodprøvene tar du på sjukehuset eller hos fastlegen din 1–2 dagar før undersøkinga. Blodprøver må deretter takast kvart år, det vil seie annankvar gong du kjem til behandling med Zometa.

På behandlingsdagen bør du i forkant av behandlinga drikke rikeleg.

Under

Zometa blir gitt som intravenøst i ei blodåre (vene), og infusjonen vil vare i minst 15–30 minutt. Totalt tar behandlinga cirka 1 time.

Det er ikkje vanleg å utvikle symptom under behandlinga.

Etter

Det kan førekomme influensaliknande symptom som feber, muskel- og leddsmerter og/eller hovudverk 1–2 døgn etter behandlinga. Desse er forbigåande og forsvinn som oftast heilt etter eit par behandlingar. Du kan ta Paracet (sjå dose på pakninga) om nødvending.

Nyrefunksjonen kan påverkast av behandlinga. Vi justerer dosen etter blodprøvene.

I svært sjeldne tilfelle kan det oppstå forandringar i kjevebeinet, som kan gi smerter.

Sist faglig oppdatert 09.10.2024

Kontakt

Haugesund sjukehus Medisinsk poliklinikk, Haugesund

Kontakt Medisinsk poliklinikk, Haugesund

Oppmøtestad

Vi held til på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen opp til 5. etasje. Hold høgre når du går ut av heisen. Gå til ventesone 5A. 

Vi ber deg vente i ventesonen til du får tildelt behandlingsrom.  

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.