Forstøvarapparat er ein maskin som lagar damp av medisinar i væskeform, eller saltvatn, som blir dampa inn i barnets luftvegar via ei maske som blir plassert over munn og nase. For større barn kan ein bruke eit munnstykke i staden for ei maske. Dei fleste barn protesterer gjerne dei første gongene, men som oftast går det betre etter kvart. Mindre barn bør sitte på fanget eller bli støtt opp av vaksne.
Treng barnet behandling, vil vi gi saltvatn eller medisinar gjennom eit inhalasjonsapparat. Kva type saltvatn eller medisin som blir gitt, er avhengig av årsaka til behandlinga. Nokre medisinar dempar hevinga i slimhinnene i lungene og løyser opp slimet, og nokre kan utvide stram muskulatur i luftvegane. Dette vil gjere det lettare for barnet å puste igjen. Når barnet pustar betre, treng det ofte ikkje fleire inhalasjonar. Nokre gonger vil vi då kunne gi same medisin vidare i form av spray.
Behandlingstida og hyppigheita varierer frå barn til barn. Nokre treng få inhalasjonar, og andre treng hyppige inhalasjonar over fleire dagar. Foreldre får ikkje gi inhalasjon dei første gongene utan at helsepersonell er til stades. Tilstrekkeleg opplæring må bli gitt først.