Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Intravenøs smertebehandling, nynorsk

Metoden som blir brukt for å behandle ulike typar langvarige smerter som er forårsaka av overfølsemd av nervesystemet (sentral sensitivering).

Behandlinga blir gitt som infusjon i ei blodåre (intravenøst). Behandlinga blir tilbydd pasientar med generaliserte smerter i fleire område av kroppen og ved skade i nervesystemet, som for eksempel smerter i ansiktet, hovudpine, komplekst regional smertesyndrom (CRPS), seinskade etter kreftbehandling.

Før

Du kan ete eit lett måltid inntil 2 timar før behandlinga. Du kan ta dine faste medisinar som vanleg før behandlinga. Dette gjeld også smertestillande.

Under

Du får tilbod om 3 testinfusjonar med cirka 1 veke mellomrom. Her testar vi fleire medikament og vurderer effekten av behandlinga. Medikamenta blokkerer fleire smertereseptorar og stabiliserer nervemembranen i området som skal bli behandla. Ein sjukepleiar gjennomfører behandlinga og set ein venekanyle (nål). Behandlinga tar cirka 30 minutt.

Under behandlinga opplever nokon pasientar å bli svimmel, få metallsmak i munnen, snakke snøvlete, tung i kroppen, tåkesyn og nomen i lepper/tunga. Dette er normale reaksjonar som kan kome i varierande grad medan behandlinga går føre seg. Dersom du får nokon av desse symptoma må du seie ifrå til sjukepleiar. Sjukepleiar vurderer då om behandlinga skal stoppast eller bli gitt over lengre tid. Symptoma vil vanlegvis avta etter nokre minutt.

Når medisinen blir gitt intravenøst merkar du ein hurtig og forbigåande dempa effekt av nerveimpulsar ifrå det smertefulle området. Nokon merkar effekten direkte etter behandlinga, andre får det gradvis, og den kan vare frå nokre timar til fleire veker.

Medikament

Hovudmedikamentet i intravenøs behandling er Lidokain. Lidokain er ei lokalbedøving som stabiliserer nervemembranen, lindrar smerter og verkar beroligande på nervetrådar og kan verke smertelindrande på fleire typar smerter.

Etter

Etter behandlinga blir du verande til observasjon i 30 minutt - 1 time. Det er viktig at du ikkje overdriv fysisk aktivitet på behandlingsdagen. Du skal ikkje kjøre bil etter behandlinga.

Legg merke til om smertene gradvis kjem tilbake, om du får betre søvnkvalitet og om du klarer å vere meir fysisk aktiv som følge av behandlinga. Det vil legge grunnlaget for å vurdere eventuell vidare behandling.

Ved god effekt av behandlinga kan du fortsetje med 10 infusjonar, dei første 3 med 2 veker mellomrom, deretter 3-4 veker mellom kvar behandling.

For at behandlinga skal bli vellykka må du som pasient også ha ei aktiv rolle og jobbe for varig endring. Vi oppfordrar deg til å finne ein balanse mellom aktivitet og kvile, gjere avspenningsøvingar, unngå smertetoppar og finne ikkje-medikamentelle strategiar.

Ved langvarige og kroniske smerter er mange forsiktige med fysisk aktivitet for å unngå å provosere eller forverre smerta. Det er derimot viktig at du nyttar effekten av behandlinga til gradvis opptrening der du har fokus på styrke, uthald og ikkje berre trening av dei delane av kroppen der smertene kjem ifrå. Du kan få hjelp til trening ved å delta på ulike treningsgrupper, eller gjennom tilbod ved Frisklivssentralen i kommunen din.

Ver merksam

Du kan oppleve svimmelheit. Dette skyldast at blodtrykket er lågare enn normalt. Ver merksam på at du ikkje reiser deg for fort opp frå liggande eller sittande stilling. 

Ved behov ta kontakt med lege.

Sist faglig oppdatert 08.10.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Intensivavdelinga, Haugesund

Kontakt Intensivavdelinga, Haugesund

Oppmøtestad

Vi held til 2. etasje i nybygget mot sørvest på Haugesund sjukehus.

For å kome til oss går du inn hovudinngangen, forbi Narvesen kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp opp til 2. etasje. Der finn du ei ventesone. På døra finner du eit telefonnummer du kan ringe.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Ordinære besøkstider (visittider) er kl. 17.00 - 18.30 alle dagar.

Sjå retningslinjer for besøk

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.